NRK Meny
Normal

Butikkeigar «møkklei» rumenske trekkspelarar

Bokhandlar Anette Nystad Hårberg på Lillehammer har sett seg lei på utanlandske trekkspelarar utanfor butikken. – Eg blir rett og slett gal, seier ho, og tek humoristisk til orde for å skyte trekkspela med hagle.

Trekkspiller og Anette Nystad Hårberg

Tiggande trekkspelarar er eit sikkert vårteikn i mange norske byar. Bokhandlar Anette Nystad Hårberg meiner støynivået til tider kan bli i overkant høgt. (Arkivbilete)

Foto: NRK

– Førre veke var eg på jobb i sju-åtte timar seks dagar i veka, og høyrde dette heile tida. Det er ordentleg slitsamt, seier Anette Nystad Hårberg.

Ho er dagleg leiar i bokhandelen Stribolt på Lillehammer, og dei siste dagane har rumenske trekkspelarar etablert seg utanfor butikken.

Ifølgje avisa GD irriterte dette bokhandlaren og Høgrepolitikaren såpass at ho skreiv e-post til leiaren i sentrumsforeininga, der ho skreiv at «Kan du være snill og finne fram hagla og skyte trekkspillene til disse romerske gatemusikanttrekkspillerne»

Ho understrekar at dette var skreve i stor frustrasjon og med glimt i auget, men med eit snev av alvor. For ho tykkjer støynivået blir i overkant høgt i lengda.

– Vanlege folk kan gå vidare, men vi i butikkane står og får det i øyra i timevis, da blir ein drit lei.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet forstår frustrasjonen

Politistasjonsjef Bjørn Bergundhaugen ved Lillehammer politistasjon forstår frustrasjonen, men går ikkje heilt god for metodane den frustrerte bokhandlaren foreslår.

– Vi får ikkje klager frå vanlege folk på dette, men det hendar seg at butikkar tek kontakt med oss. Det blir eit tolkingsspørsmål om dette er ordensforstyrring, i så fall kan vi vise dei bort.

Han peikar også på at det er eit spørsmål om politiet skal prioritere slik saker.

– Får vi klager på slike ting vil vi som hovudregel reagere. Vi kan be dei flytte seg til ein annan stad, og kan bøtelegge dei dersom dei ikkje følgjer det vi seier.

Likar eigentleg trekkspelmusikk

Anette Nystad Hårberg understrekar at det ikkje er trekkspelmusikk generelt ho er lei av.

– Eg har faktisk alltid ønska meg å lære å spele trekkspel, og fekk ein gong ein toradar i gåve frå mannen min. Med var det også fem læretimar, men dei har eg ikkje brukt enda, så kanskje eg kan gje dei bort til dei utanfor butikken.

Og sjølv om ho, med eit glimt i auget, tok til orde for å skyte sund trekkspela, trur ho at det er andre metodar som må til for å få avgrensa musikken utanfor butikken.

– Eg vil prate med dei som har tenkt å underhalde i gågata. Dei vil jo gjerne tene pengar, og vil sikkert ikkje at vi skal vere sinte. Så kanskje det beste er å lage ein slags køyreplan med alle som ynskjer å underhalde i gata i sommar.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND