Moskusstamma på Dovre er nå mykje større enn det som er tillatt i følgje forvaltningsplana. Det er sett eit tak på 70 dyr, men i dag er det 170 moskusar på Dovrefjell.
- Det bør bli tillatt å skyte moskus, meiner ordførar i Dovre, Erland Løkken.
Dovreordførar Erland Løkken (Sp) vil skyte moskusar.
Moskus fleire stadar
I Trondheim sit biolog Reidar Andersen, og er einig i at dersom flokken får halde fram å utvikle seg kan vi oppleva å sjå moskus langt oftare. Ikkje berre på dørhella på Hjerkinn, slik som denne veka, men over mykje større områdar enn i dag.
- Myndigheitene må bestemme seg, seier Andersen. Anten må dei satse skikkeleg på moskusen, eller fjerne han for godt, meiner biologen.
Ny plan på gang
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Direktoratet for Naturforvaltning jobbar nå med ei ny forvaltningsplan som skal sendast ut på høyring før sommaren.
Den planan er det knytt stor spenning.
- Det må skje noko for stamma på rundt 170 dyr er heilt på grensa, meiner Dovreordføraren.
Ikkje jakt, men slakt
- Det har ikkje vore moskus i Norge sidan istida, men nå er han her, og vi lyt få klarheit i forvaltninga, seier Andersen.
Han meiner stamma har eit stort vekstpotensiale, og derfor kan det bli enda fleire moskusar på Dovrefjell, og områda rundt.
- Det er ikkje ønskjeleg at moskusen spreier seg over større området, meiner Erland Løkken.
Dovreordføraren vil at moskusane skal kunne slaktast, men vil ikkje ha jakt på dyret.