Frå før har Reiselivsbedriftenes Landsforening reagert på dei store steinfyllingene som vil bli att.
- Må vite meir
Langeland seier departementet må gjere greie for korleis turismen blir påvirka av ein overføringstunnel mellom Breidalsvatnet og Raudalvatnet.
- No er det mykje usikkert omkring kva dette vil bety, så eg vil foreslå at departementet gjer ein konsekvensutredning i høve til turismen i Skjåk, seier Langeland.
Langeland avvisar at han med sitt forslag berre vil trenere eit vedtak om ein overføringstunnel i Øvre Otta-vassdraget.
- Må ikkje gjere noko dumt
Nestleiaren i Stortingets energi- og miljøkomite får truleg ikkje fleirtal for forslaget sitt, og srier det er uvisst når ein konsekvensutredning vil liggje føre.
- Uansett er det viktigste at Stortinget ikkje gjer noko dumt i denne saka som kan få alvorlege konsekvensar for turismen på sikt, seier Langeland.