NRK Meny
Normal

Vil redde utrydningstrua språk med musikk

Berre nokre få hundre personar pratar det sørsamiske språket. Marja Helena (19) håpar at musikk kan vere redninga.

Marja Helena Fjellheim Mortensson

Denne veka får Marja Helena Fjellheim Mortensson Hedmark fylkeskommunes kulturpris for sin musikk.

Foto: Juliane Kravik / NRK

– Eg veit ikkje kven eg hadde vore dersom eg ikkje hadde fått lære mitt eige språk.

Sørsamiske Marja Helena Fjellheim Mortensson er 19 år. Ho kjem frå Engerdal i Hedmark, der familien hennar driv med reindrift. Ho er sørsame, og ei av få hundre som pratar det sørsamiske språket.

– Det er ikkje godt å tenke på at det kan forsvinne. Eg vil gjere det eg kan for å bevare det. Musikk er ein av dei finaste måtane å gje eit bodskap på.

Ho er allereie prisbelønna for sin musikalske kamp. Som lita skreiv ho sangtekster for å øve inn morsmålet. Nå håpar ho at musikken kan vere med og berge det utrydningstruga språket.

Far reiste 50 mil på skulen

Ho merkar godt at mange har lite kunnskap om det sørsamiske miljøet.

– Eg har fått spørsmål om kvar i Nordland eller Finmark eg kjem frå. Det er ikkje alle som veit at vi driv i Engerdal, heilt nord i Hedmark.

Far hennar måtte reise 50 mil heimafrå til internatskule for å lære sørsamisk. Marja Helena har fått lære det på skulen ho gjekk på i Elgå i Engerdal.

– Eg har fått bu heime og gått på ein skule der det var mange fag på sørsamisk. Samtidig har eg fått teke del i kalvemerking, reinskilling og slakting. Det er også ein stor læringsprosess.

Video Joiket for Kongen

Sjå Marja Helena joike for kong Harald.

Vil ta over reindrifta

For henne har musikken vore eit viktig verkemiddel for å få tak på og ta vare på det sørsamiske språket.

– Det byrja med at eg skreiv for min eigen del, for å bruke språket. Det var ein motiverande måte å utvide ordforrådet på.

Allereie i fyrste klasse starta ho med sang og joik. Ho komponerer og framfører sine eigne sanger og joiker, gjerne saman med kunst for å understreke stemninga og bodskapen. Dersom alt går som ho har tenkt ser ho for seg ei framtid der ho kombinerer musikk og reindrift.

– Får eg noko å ta over så vil eg tru at eg gjer det. Men det er ein pressa situasjon vi er i. Mykje av det eg skriv om handlar om nettopp det, spørsmålet om eg får lov til å halde fram med den kulturen. For det er ikkje sikkert.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang