Innbyggjarane på Sjoa har gjennom generasjonar gravlagt dei døde i Kvam. Inntil 1965 låg den vesle tettstaden Sjoa i Nord-Fron kommune.
Gjennom eit oppslag i Kyrkjebladet for Sel vart det kjent at sjoaverane heretter blir behandla som utanbygdsbuande, og må betale 6.000-7.000 kroner for ei gravferd.
- Urimeleg
Det har sett sinna i kok at folk på Sjoa må betale fleire tusen kroner for å bli gravlagt ved Kvam kyrkje i nabokommunen Nord-Fron.
Talsmann Steinar Moen seier det er urimeleg, og at det er umogleg å godta nyordninga.
Løyste seg
Etter at denne saka vart kjend i radioen fredag morgon, har ordførar Dag Erik Pryhn i Sel nå gått inn for å finne ei løysing.
Og han er heilt klar i si tale; folk på Sjoa skal ikkje betale for å bli gravlagt ved kyrkja i nabokommunen.
Ifølgje Pryhn skal det ikkje innkrevast avgift frå etterlatte når sjoaverer er gravlagt ved Kvam kyrkje.
- Sel formannskap vil finne ei løysing, seier Pryhn.