– Eg var veldig interessert i fuglar, så eg byrja å ta bilete av dei. Så glei interessa gradvis over til sjølve fotograferinga, seier Aleksander Myklebust.
Sidan han var barn har fotointeressa vakse og han håpar å kunne leve av interessene sine i framtida.
Er veldig glad i naturen
Han tek bilete av alt frå fuglar til bryllaup og sport. Han har ingen favorittmotiv, for det er ikkje nødvendigvis motivet som er motivasjonen for fotograferinga.
– Eg tek bilete av det meste. Det er opplevinga rundt som styrer og dyr og natur er veldig spennande, seier Myklebust.
No har den unge fotografen akkurat gjort seg ferdig med si andre bok som heiter Dyremøter. Boka har han skrive for barn og unge og inneheld bilete av 23 ulike norske dyr og tekstar om desse. Interessa for å fotografere dyr har han hatt lenge, og har brukt tallause timar i skogen i Lismarka der han vaks opp.
Heiderleg omtale
Myklebust har fått fleire utmerkingar for bilete han har teke. Han deltok i Monochrome Awards i år, som er ei verdsomspennande fotokonkurranse, der han fekk heiderleg omtale på heile tre av fire bilete.
– Det var over all forventning. Eg tenkte eg fekk prøve å sende inn nokre bilete, og det var veldig artig at tre av dei blei premiert, seier Aleksander Myklebust.
Stort fotoprosjekt i utlandet
I starten av februar legg Myklebust ut på ei to månader lang reise til Asia som ein del av eit skuleprosjekt. Til våren er han ferdig utdanna, men han har allereie mykje erfaring i arbeidslivet. Han har levert stoff til fleire redaksjonelle medium og gjer kommersielle oppdrag.
– Draumen er å klare å overleve på det eg har drive med til no. Lage reportasjar og bøker og fotografere. Eg har aldri hatt større draumar enn det, seier 23-åringen.