Hopp til innhold

Vil ikkje ta frå Øygard løna

Kommunepolitikarane i Vågå vil vente på dommen i overgrepssaka før dei avgjer kva som skjer vidare med ordførarvervet til Rune Øygard.

Øygard

Rune Øygard er tiltalt for overgrep mot ei mindreårig jente.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Ordførar Rune Øygard hevar framleis full ordførarløn til trass for at han er permittert på grunn av at han er tiltalt for overgrep mot ei mindreårig jente.

I morgon har kommunestyret i Vågå møte. Der blir ikkje Øygard sin posisjon behandla.

– I staden blir politikarane innkalla til eit ekstraordinært kommunestyremøte så fort dommen mot Øygard er klar, seier opposisjonsleiar Svein Blankenborg i Bygdalista.

Avventar dommen

Blankenborg meiner politikarane da vil ha eit meir korrekt grunnlag for å diskutere både den politiske, og dermed også lønsmessige, framtida til Rune Øygard.

Løna til ordføraren i Vågå er på 660.000 kroner. I avgjerda om å gje Øygard permisjon blir det understreka at Øygard skal behalde det honoraret så lenge han er permittert.

– Vi har valt å ikkje gjere noko i dette kommunestyremøtet. Vi avventar dommen, seier leiar i Vågå Arbeiderparti Live Langøygard.

Kommunestyret godkjenner søknad om permisjon frå ombodet som ordførar i Vågå kommune inntil saka er endeleg avgjort og avslutta. Øygard opprettheld det honoraret som er vedtatt i K-sak 140/11 i den perioden det er gitt permisjon.

Vågå kommunestyre, 8. mai 2012

– Kan bli ein vanskeleg situasjon

Dette får også støtte frå gruppeleiar i Vågå Senterparti, Anders Bjørnsen, og dermed er det tverrpolitisk semje om å vente til rettssaka er over.

– Rettsleg kan vi ikkje ta frå han vervet, og da følgjer det av dei arbeidsrettslege spelereglane at du ikkje kan ta frå han løna, seier Bjørnsen.

Han skisserer likevel ein mogleg situasjon som kan føre til eit pikant problem for politikarane i Vågå. Dersom Øygard blir dømt eller at det kjem fram andre ting som gjer at folk mistar tilliten til han som ordførar, kan det likevel vere vanskeleg å fjerne han.

– Dersom han likevel vil behalde vervet, noko han kan gjere kommunerettsleg, da vil vi få ein vanskeleg situasjon, seier Anders Bjørnsen.

Flere saker fra Innlandet