– Ei fallitterklæring å innføre eit ellevte skuleår

I Hedmark vil dei innføre eit friviljugt ellevte skule år for å stoppe fråfallet i den vidaregåande skulen. Det fører til usemje innanfor regjeringspartia.

Skole Hamar

Elevar i grunnskulen har i dag ikkje høve til å ta eit ellevte år. Det vil Hedmark nå innføre.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Elevar i dei sørlege delane av Hedmark har lenge vore blant dei dårlegaste i landet. Nå ynskjer fylkesråd for utdanning Aasa Gjestvang (Sp) innføre eit friviljug ellevte skuleår for å betre kunnskapane og fjerne fråfallet.

–Vi har stor tru på at ungdommen vil nyte godt av det. Det handlar om å modnast, om å forbetre karakterane og å få att trua på seg sjølv. Inntrykket frå Danmark er at dette er ein suksess, vi såg elevar som hadde ro over læringa si og var interessert i det dei dreiv med.

– Sjå på innhaldet

Gjestvang får ikkje støtte frå partikollega Anne Tingelstad Wøien, som sit i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho meiner at å innføre eit nytt skuleår vil vere å gå i feil retning.

– Eg meiner det er ein fallitt dersom vi må innføre enda eit nytt år i skulen. Nå har vi trass alt ti år elevane skal gå i skulen fore å lære basiskunnskapar. Da meiner eg vi heller må sjå på innhaldet i den skulekvardagen vi har i dag.

Ho meiner det er meir å hente på å betre innhaldet i dei ti åra med grunnskule vi har i dag.

– Mitt råd er at vi må sjå meir på innhaldet i den einskilde time, i staden for å tru at å utvide skuledagen og leggje på år er svaret.

Video Vil ha ekstra skoleår

Vil ha ekstra skoleår

Vil ha prøveprosjekt

Det er stor skilnad på resultata ved skulane i Hedmark. Medan kommunane lengst nord i fylket kan vise til gode resultat, står det langt verre til lenger sør. Berre seks av ti gutar klarar å fullføre vidaregåande utdanning, og pedagogikkprofessor Thomas Nordahl er blant dei som har peikt eit ellevte skuleår.

Stine Renate Håheim sit også i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho er ikkje avvisande til forslaget.

– Eg meiner erfaringane frå Danmark er interessante. Vi veit at dei som ikkje har bestått eit eller fleire fag i grunnskulen har større utfordringar i den vidaregåande skulen. Eg meiner det er ting som talar for at ein i alle fall kunne ha eit prøveprosjekt for å sjå på det.

Vil sjå på det

Og det er nettopp eit prøveprosjekt dei nå søkjer om i Hedmark. I går var utdanningsminister Kristin Halvorsen på Hamar og møtte både fylkespolitikarar og kommunepolitikarar for å høyre om prosjektet. Ho vil ikkje svare på kva ho meiner om forslaget.

– Men eg diskuterer det gjerne, så dersom dei sendar ein søknad så vil vi sjå på det.