Hopp til innhold

Vil gjenta NRK-festen med mjøsfestival

NRKs sommarbåt samla folk i tusental rundt Mjøsa. Nå vil politikarar og reiseliv gjere festen til ei årleg hending.

Skibladner ankommer Hamar minutt for minutt

FOLKEFEST: Rundt 15.000 møtte opp da Skibladner kom til Hamar 15. juli.

Foto: Luftfoto / NRK

Med eit brudeslør av småbåtar som følgje reiste Skibladner rundt frå den eine folkefesten til den andre på Mjøsa i sommar. NRK sende kvart minutt av ferda, og avslutta det heile med Sommeråpent utpå kveldinga.

Sommarbåten på Mjøsa var så vellykka at reiseliv og ordførarar rundt Noregs største innsjø nå vil gjenta suksessen.

Ordførarar rundt Mjøsa

SAMARBEIDSSELFIE: Ordførarar og reiseliv rundt Mjøsa vil gje eit felles bilete av Mjøsa.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Vil ha årleg festival

– Vi må ta det unike prosjektet vidare. Vi må finne ut korleis vi kan arrangere folkefest rundt Mjøsa kvar einaste sommar, seier ordførar Guri Bråthen i Østre Toten, til kollektivt nikk og smil frå fire andre ordførarar.

Nå har arbeidet starta med å få til ein årleg festival, der det blir liv og røre i alle kommunane rundt Mjøsa. Målet er å gjenskape engasjementet og stoltheita som prega sommarens satsing.

Eit slikt samarbeid på tvers av fylkes- og kommunegrenser er sjeldan kost i eit område der lokaliseringsstrider til tider har prega det politiske klimaet.

– Dette var ei gåvepakke til mjøsregionen som gjorde at vi måtte samarbeide. Vi har fått ein solid grunnmur vi kan byggje vidare på, og det vil alle vere med på, seier reiselivssjef i Gjøvikregionen, Hadeland og Ringerike, Arne Jørgen Skurdal.

Skibladner minutt for minutt, drone Mjøsa

BÅTLIV: Fleire hundre småbåtar følgde Skibladner rundt på Mjøsa i sommar.

Foto: Luftfoto / NRK

Flere saker fra Innlandet