Hopp til innhold

– Den fyrste sykkelen til Thor Hushovd var brukt og kosta 300 kroner

I verste fall må ungar slutte i idretten fordi foreldra ikkje klarer å henge med økonomisk. Nå startar kampen mot utstyrshysteriet.

Per Strømseth

Per Strømseth har tidlegare dreve med mellom anna fotball, langrenn og alpint. Nå er det sykling som er gjevast.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Somme i klassa har syklar til over 20.000 kroner. Men det er ikkje sikkert dei syklar frå meg for det.

13 år gamle Per Strømseth frå Lillehammer gliser under den ljose luggen. Han er ein aktiv kar som har vore innom alpint, langrenn, fotball og handball i løpet av si korte idrettskarriere.

Men når ein kjem frå same kommune som Edvald Boasson Hagen, er det kanskje naturleg at det er sykling som nå er den store interessa.

– Mange av kameratane mine driv med det, og det er skikkeleg artig. Eg har sykla mest terrengsykling, men har også lyst til å prøve å sykle landevegsritt.

På sykkeljakt

Per Strømseth og Liv Finborud

13 år gamle Per Strømseth og mor Liv Finborud studerer den nyinnkjøpte sykkelen.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Men for å kunne sykle aktivt er det ein del utstyr ein gjerne må ha. Som for eksempel ein sykkel. Og for mor Liv Finborud og far Stig Roar Strømseth var det mange omsyn å ta når arbeidsreiskapen skulle veljast.

– Du vil jo at ungane skal vere med på dei same premissane som dei andre, og når nokre investerer hardt så er det lett å bli drege med, seier mor Liv.

– Målet var å få tak i ein sykkel som er brukbar til det han skal drive med, utan at det skulle ta fullstendig av prismessig. Vi har jo fleire ungar som likar å drive med idrett, og ein kan ikkje brenne av alt på den eldste heller, legg far Stig Roar til.

Til slutt kunne ein stolt 13-årig sykkeleigar trakke seg heim att på ein godt utstyrt, skinande blå terrengsykkel til den nette sum av 10.000 kroner. Mykje pengar, men likevel godt under dei aller dyraste modellane.

– Det viktigaste er at den er god å sykle på, at den funkar. Og det gjer den, fortel ein ivrig Per Strømseth.

Utstyrsjag

Familien i Lillehammer er ikkje dei einaste som har kjent på utstyrsdilemmaet i idretten, og dei siste par åra har stadig fleire ropt varsko om det dei kallar eit utstyrshysteri.

Både Dagens Næringsliv og Bergens Tidende har laga grundige oversikter som viser at det kostar titusenvis av kroner årleg å delta aktivt i mange av dei mest populære idrettane.

Familien Finborud/Strømseth har tre ungar, som alle er aktive i forskjellige idrettar. Dei meiner at det blir meir fokus på dyrt utstyr dess eldre ungane blir.

– Dersom ein skal ha det ypparste av alt utstyr skal ein jamen ha god økonomi for å få fleire ungar gjennom det løpet. Da hadde ferien vorte avlyst kvart år, seier Stig Roar Strømseth.

Det blir ein del mas om utstyr. Kameratane pratar om det, og dei er godt orientert om kva utstyr som finst. Og det er nokre på Per sin alder som allereie har fått seg ganske dyre syklar. Det skaper eit press på alle saman, så er det opp til oss foreldra å halde attende, og ikkje bli heilt reve med.

Liv Finborud, mor

Innfører nye reglar

Desse signala har også nådd dei som sit med makta i idretts-Noreg. Stadig fleire peiker på at noko må gjerast for å roe ned utstyrsjaget.

Det internasjonale symjeforbundet fekk mykje merksemd da dei nekta bruk av dei såkalla supersymjedraktene, innan alpint er det restriksjonar på kva slags ski dei yngste utøvarane kan ha, og nå følgjer også sykkelforbundet opp.

– Vi har registrert at det er eit stadig større fokus på utstyr. Vi tykkjer det er viktig å slå fast at det ikkje er utstyret som gjer at du blir god i den alderen, seier generalsekretær Heikki Dahle i Norges Cykleforbund, og legg til:

– Thor Hushovd sin fyrste sykkel var kjøpt brukt, og kosta 300 kroner.

Vekt, gir og hjul

Sykkelforbundet har bestemt seg for eit nytt sett med reglar for aktive syklistar mellom 6 og 16 år. Det fyrste utkastet vart seinare moderert noko, men det er likevel innført reglar for vekt, hjul og gir.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Når ein 14-åring bruker 30.000 kroner på ei hjulpakke til sykkelen, da kunne han brukt 25.000 til noko anna. 90 prosent av motstanden når du syklar er luftmotstand. Dei resterande 10 prosenta er det vanskeleg å bli kvitt, og det er lite effekt per tusenlapp, seier Dahle.

Han fortel at dei vil bruke fyrste del av denne sesongen til å vurdere om dei skal innføre enda strengare reglar, eit av forslaga er mellom anna å innføre ei minimusvekt på 10 kilo på terrengsyklar.

Video Vil ha slutt på utstyrshysteri blant unge syklister

Sjå kva trenarar og elevar ved Norges Toppidrettshøgskole på Lillehammer meiner om dei nye sykkelreglane. (NB! Saka var laga før reglane vart moderert).

Ber særforbunda ta tak

Det er musikk i øyro til leiaren for utviklingsavdelinga i Noregs Idrettsforbund, Anja Rynning Veum. Ho har tidlegare teke til orde for ein nasjonal dugnad for å redusere utstyrsjaget i norsk barneidrett.

– Vi ynskjer at barn og ungdom skal vere så allsidige som mogleg, og da er det viktig at dei forskjellige idrettane ikkje er for dyre. Målet er å få med seg flest mogleg så lenge som råd.

Og dette blir nå eit tema heilt oppe blant dei høgaste idrettsleiarane her i landet. Under idrettstinget frå 5. til 8. mai skal det lagast eit nytt idrettspolitisk dokument for dei neste fire åra.

Eit av punkta idrettstinget skal diskutere er nettopp korleis ein kan halde kostnadsnivået nede i barneidretten, slik at alle kan delta så lenge som mogleg.

– Vi jobbar fyrst og fremst mot særforbunda. Det er dei som kan innføre reglar og gjere tiltak mot utstyrshysteriet, seier Anja Rynning Veum.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Viktig for folkehelsa

Vårt største bidrag til folkehelsearbeidet er å halde ungdommar i idretten så lenge som råd.

Anja Rynning Veum, leiar i utviklingsavdelinga i Norges Idrettsforbund

Idrettsforbundet ber også klubbane gjere det dei kan for at idretten fortsatt kan vere for dei fleste.

– Vi oppmodar klubbane til å halde loppemarknader for brukt utstyr, og gjere sitt til at det blir så rimeleg som mogleg. Det er viktig å få fram at det ikkje er utstyret som gjer at det er artig å drive med idrett.

Vil ha strengare reglar

Liv Finborud, som har tre ivrige idrettsungar, ynskjer strengare reglar for kva utstyr ungane kan bruke.

– Eg trur det er smart at dette kjem frå dei som styrer sentralt. Det er mange foreldre som er svært opptekne av idretten sin, og da er dei ofte også viljuge til å investere i ungane sitt utstyr. Det dei ofte ikkje tenkjer på, er at dei også legg premissane for andre sine ungar.

13 år gamle Per Strømseth har fått på seg Lillehammer sykkelklubb si grøne drakt, og gjer seg klar for ei aldri så lita treningsøkt på sykkelsetet. Og han påstår at karbonhjul, sykkelvekt og krank på langt nær er det viktigaste når dei møtest for å trene.

– Vi pratar ikkje så mykje om utstyret. Vi er mest oppteke av kven som syklar fortast.