Fylkesordførar Audun Tron.
Forslaget kjem fordi fylkeskommunen ønskjer ei raskare utbygging av E6 og Dovrebanen enn tidlegare planlagt.
Oppland Fylkeskommune vil finansiere utbygginga med blant anna bompengar, eit offentleg-privat samarbeid og via utbyggingsselskap.
To spor på Dovrebanen
- På veg er departementet utfordra av samferdselskomitéen til å vurdere eit nytt OPS-prosjekt (som er offentleg-privat samarbeid), og at det skal gjelde på strekninga frå Gardermoen til Otta, seier fylkesordførar i Oppland, Audun Tron.
Han fortel at han også ønskjer to spor på delar av Dovrebanen så fort som mogleg. Dette skal finansierast via utbyggingsselskap. Mens på E6-utbygginga må bilistane sjølve ta ein del av rekninga.
- Bompengefinansiering er ein føresetnad når det gjeld E6. Fylkestinget i Oppland har også sagt at dei aksepterer ein bompengeandel på inntil 50%, fortel Audun Tron.
- Vil starte om to år
Utan alternativ finansiering vil E6 og Dovrebanen ligge slik dei er i dag fram til tidlegast 2010. Tron vil at utbygginga skal starte om kun to år.
- Eg trur ei utbygging er ganske realistisk med dei føringar og auka rammene som Stortinget nå har gitt. Men det er avhengig av at departementet følgjer opp og gir svar på dei utfordringar dei har fått av Stortinget, seier Tron.