Politikarar i Fjellregionsamarbeidet vil innføre ei avgift for dei som ferdast langs merka turstigar og oppkjørte løyper i naturen.
Det er ulike oppfatningar kring korleis ei slik avgift kan gjennomførast. Ordførar i Vestre Slidre i Valdres, Eivind Brenna, går inn for å etablere ei avgift for dei bedriftene som har omsetning i eit ski- eller turområde.
Politikarane vil at avgifta skal brukast til preparering av langrennsløyper og merking og skilting av turstigar.
Avgift for mange fellesgode
Politisk forum for Fjellregionsamarbeidet går inn for at brukarane av fellesgode som merka turstigar, skiløyper og offentlege badestrender, skal betale avgift, skriv Nationen.
Politikarar frå Hedmark, Oppland, Telemark, Buskerud og Sogn og Fjordane står bak forslaget.
Forumet peikar i ei felles uttale på at det som i dag er «frie gode» ikkje lenger kan betalast av enkeltbedrifter eller enkeltnæringer.
- Ikkje eit offentleg ansvar
– Heller ikkje det offentlege gjennom kommunar og fylkeskommunar kan lenger ta ansvar for å utvikle eller vedlikhalde fellesgode, heter det i ei uttale frå forumet.
Steinar Hovi, hotelldirektør på Beitostølen, vil ha ei kommunal avgift for dei som har eigedom i området. Avgifta ser han for seg kan gå til vedlikehald av løyper.
- Det er meir rettferdig enn i dag, der hytteeigarane ikkje betaler noko, sier Hovi.
Politisk avsporing
Men forslaget skaper også sterke reaksjonar.
- Dette er ei politisk avsporing. Forslaget er brot med både norsk tradisjon og allemannsretten. Å ta betaling for bruk av norsk natur er eit prinsipielt spørsmål, som i alle fall ikkje har støtte på fylkestinget i Hedmark.
Det seier Trygve Slagsvold Vedum, 1. kandidat til Stortinget for Hedmark senterparti.