Hopp til innhold

Vil gjenskape bymiljøet i Lillehammer

Det var eitt av dei aller eldste bygga i Lillehammer sentrum som brann ned natt til i går. No går fylkeskonservatoren inn for å gjenreise det verneverdige trehuset i gågata.

Fylkeskonservator Espen Finstad vil gjenreise bygget frå 1827 i sentrum av Lillehammer.
Foto: Arne Sørenes / nrk

– Eg blir trist av det eg ser, for gågata i Lillehammer er eit fantastisk bygningsmiljø med nasjonal verneverdi. Å sjå denne branntomta midt i hjarta av byen synest eg er vondt, seier konstituert fylkeskonservator i Oppland, Espen Finstad.

Storgata 81 vart bygd i 1827, same året som Lillehammer vart grunnlagd. I mange år vart det drive skjenkestad i huset som låg sentralt i den nye byen, like ved Mesnaelva.

I andre etasje låg Listadsalen, som på 1800-talet vart brukt som forsamlingslokale. Her vart det arrangert konsertar, dansefestar, debattar og talar. Bjørnstjerne Bjørnson skal ved fleire høve ha halde talar her.

Storgata 81

STORGATA 81: Slik såg huset ut rundt 1860. Espen Finstad viser fram eit bilde frå boka 'Det gamle Lillehammer'.

Foto: arne sørenes / nrk

Vil gjenskape bygningsmiljøet

No tar fylkeskonservatoren til orde for å gjennskape Storgata 81 slik bygget var før brannen i helga.

– Vi er innstilt på at bygningsmiljøet må rekonstruerast slik at Storgata blir slik ho har vore tidlegare. Vi vil at gågata i Lillehammer, som vart verdskjent under OL i 1994, skal framstå som inntakt også i framtida, seier Finstad.

I går sikta politiet ei kvinne i 20-åra for å ha forårsaka brannen. Ho har no tilstått.

Bygget var brannsikra

Forrige gong det brann i Storgata i Lillehammer var i februar 2000. Ein brannsikringsplan for Storgata vart vedteken året etter, og dei fleste trehusa i gågata skal i følge brannmester Kjell Birger Bakken i Lillehammerregioen no vere sikra med alarm med direktekobling til brannvesenet og såkalla vanntåkeanlegg. Dette var også tilfelle for Storgata 81.

Brannmester Bakken meinar dette hindra brannen frå å spre seg vidare.

–I tillegg til innsatsen frå brannmannskapa var vanntåkeanlegga i dette bygget og i nabobygget avgjerande for å hindre spreiing.

brannmesteren i Lillehammer

STOPPA BRANNEN HER: Brannmester Kjell Birger Bakken er glad for at brannvesenet greidde å hindre brannen frå å spreie seg.

Foto: arne Sørenes / nrk

Umogleg å sikre seg mot alle brannar

Siviligeniør Vegard Haugen i det rådgjevande ingeniørselskapet Rambøl seier at vanntåkeanlegget nettopp skal bidra til å hindre spreiing. Han har vore med og utarbeida brannsikringsplanen for Storgata i Lillehammer, og meiner at det er umogleg å sikre seg mot alle typar brannar. At bygget brann ned denne gongen, trass i sikring, meinar han er som forventa.

– Ja, ut i frå det vi veit om omstenda rundt det som skjedde, gjekk dette slik vi kunne vente. Vi kan aldri sikre oss hundre prosent mot brann i gamle trehus. Slike brannar har oppstått før i verneverdige bygg, og det kjem til å skje igjen.

Fylkeskonservator Finstad er letta over at ikkje fleire verneverdige hus gjekk tapt. No vil han jobbe endå hardare for å sikre den unike trehusmiljøet i gågata i Lillehammer.

– Vi såg jo ein tragisk brann i Lærdal for nokre år sidan, så det er absolutt grunn til å ha stort fokus på brannsikring av denne typen bymiljø.

Storgata 81 i Lillehammer

EIT OPE SÅR I GÅGATA: Slik ser du ut ved Storgata 81 i Lillehammer dagen etter brannen.

Foto: arne sørenes / nrk