NRK Meny
Normal

Fekk tidsstraff under Birken - vurderer å gå til sak

Ragnhild Bolstad fekk 15 minutt tidsstraff under Birkebeinerrittet fordi ho ikkje hadde med seg vindtett jakke. Nå vil ho gå til retten for å få omgjort vedtaket.

Ragnhild Bolstad

Ragnhild Bolstad vil gå til retten for å sleppe tidsstraff i Birkebeinerrittet.

Foto: NRK/Privat

Ragnhild Bolstad (47) er blant landets mest rutinerte birkebeinarar, og har sykla rittet 15 gonger, gått rennet 22 gonger og sprunge løpet alle gongene.

Vanlegvis er ho blant dei beste i si klasse, men i år kjem ho lengre ned på lista. Årsaka: Ho fekk 15 minutt tidsstraff fordi ho ikkje hadde med seg rette klede i sekken. Dette går også utover sjansa til å vinne Birkebeinertrippelen.

– Eg føler meg urettferdig behandla, og meiner eg ikkje har gjort noko gale. Eg har handla i god tru og nytta den informasjonen eg har fått, seier Bolstad.

Skal ha vind- eller regnjakke

Bakgrunnen for usemja handlar om noko så spenstig som ei vindjakke. Da ho kom i mål vart ho nemleg stoppa av kontrollørar som ville undersøke kva ho hadde i sekken, skriv østlendingen.no.

I reglane står det at alle deltakarane skal ha med seg ekstra klede, og deriblant vindklede. Ragnhild Bolstad hadde på seg vindtett, korterma superundertøy, med lause lange ermar. Det meinte kontrollørane ikkje heldt som vindtøy, og gav ho 15 minutt tilleggsstraff.

Morten Bjerkås og Gunnar Elvsveen

Kontrollørar undersøkte sekkane til mange før start.

Foto: Aud Ingebjørg Barstad / NRK

– Eg bryr meg ikkje så mykje om tida eller plasseringa, men det er måten dette blir gjort på som irriterer meg, seier Bolstad.

Ho har nå teke kontakt med kjendisadvokat Gunnar Martin Kjenner, og vurderer å ta saka til retten, skriv vg.no.

– Dårleg informasjon

Bolstad reagerer på at informasjonen om kledekrava har vore sprikande. Somme stader står det at deltakarane BØR ha slike klede i sekken, andre stader står det SKAL.

– Reglementet er uklart, og det er ikkje definert kva vindtøy eigentleg er. Det er ikkje gjeve at det må vere langerma. Her har ein måtte søke seg fram til reglane, og dette burde vore tydeleggjort klarare.

Ho trur at det er mange som har misforstått reglane.

– Det var mange som var forvirra over informasjonen. Hadde dei sjekka sekken til alle, så trur eg dei måtte gjeve tillegg til 80 prosent av deltakarane.

Rittleiar Sølvi Amundsen Aas meiner at dei har sitt på det tørre, og seier at dei har gjort det dei kan for å informere om dei nye reglane.

– Vi hadde kontrollørar før start som tok stikkprøver, og mange fekk hjelp og endra innhaldet. Likevel var det mange som sykla utan å følgje regelverket. Dei fekk tilleggstid eller vart diskvalifisert. Dette er som å køyre bil. Vi kjenner fartsgrensene, men køyrer vi for fort gjennom ein radar får det konsekvensar, seier Amundsen Aas til Østlendingen.no.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND