Årsmøtet i Oppland KrF seier i ei uttale at dei finn det forkasteleg at det blir reklamert på fjernsyn for pengespel, så lengje mange har problem med dette.
Som rus
Det var Sør-Aurdal KrF som fremja uttala for årsmøtet. I det opprinnelege forslaget samanlikna lokallaget dette med rus og tobakk.
For så lengje det er forbod mot alkohol- og tobakksreklame, burde det vere ei lov mot reklame for pengespel og. Dette vart tatt bort av redaksjonskomiteen, men intensjonen i uttala er den same. 38 av 49 røysta mot denne samanlikninga, som dimed ikkje vart med i uttala.
- Det er, av omsyn til dei avhengige, naudsynt å sette i verk tiltak som kan hindre folk frå slike problem. Difor må vi stanse reklame, meiner Sør-Aurdal KrF.
Ikkje full støtte
Men laget fekk ikkje full støtte for sitt syn på fylkesårsmøtet. 12 av 49 delegatar røysta i mot.
- Eg trur vi bommar litt på det dyret vi vil ta. For dyret vi vil ta er dei pengespela som står på butikken og i blomsterforretningen. Det er der hovudutfordringa ligg, der vi ser naboar spele bort pensjonen sin - for så seinare å dra på sosialkontoret for å få noko å leve av, sa Arvid Raaholdt frå Nordre Land.
- Omsyn
Stortingskandidat Rigmor Kofoed-Larsen var ikkje redd for å ha denne saka.
- Vi må ta omsyn til dei svakaste i samfunnet. Og dei svakaste er dei som ikkje klarer å kontrollere spelet. Sjølv om enkelte tykkjer det er moro med spel, er det mange som ikkje klarer å sjå det morosame i at pengane forsvinn, seier Kofoed-Larsen.
Bort frå TV
Difor går dei no og inn for at Norsk Tipping ikkje skal få lov til å sende sine trekninger i beste sendetid på kveldstid.
Formålet med å bli kvitt desse sendingene, er at folk ikkje skal bli freista til å spele for mykje pengar.