Hopp til innhold

Vil bruke narkohund mot elevar

Politiet i Gudbrandsdal vil bruke hundar for å søkje etter narkotika på elevane ved dei vidaregåande skulane.

Jørgen Skaug, fylkesopplæringssjef i Oppland
Foto: Torvild Sveen / NRK

Politiet har bede rektorane om å lage skolereglar som opner for dette.

Fylkesopplæringssjef Jørgen Skaug er likevel skeptisk til slike kontrollar og ransakingar.

- Vi har ein del etiske innvendinger mot dette, seier Skaug.

 

Retningsliner frå Riksadvokaten

Politiet støtter seg til Riksadvokaten som har laga retningsliner for korleis politiet kan gå fram. Når elevane startar på skuleåret skriv dei under på ei kontrakt. og i kontrakta står det at dei aksepterer at politiet kan søkje etter narkotika med hund.

Men Skaug vil ha ei nærare juridisk avklaring før dei vil anbefale skulane å lage reglar som gjer bruk av narkohund mogleg ved skulane.

Vargstad videregående skole, Lillehammer
Foto: Torvild Sveen / NRK

Innført ved Vargstad

Dei skulane som likevel vil ha slike kontrolltiltak, skal ikkje bli nekta, seier Skaug.

Så langt er det ein skule i Oppland som har innført slike reglar, og det er Vargstad videregående skole på Lillehammer.

Skaug seier dei vil sjå nærare på kva slags konsekvensar det har for elevane viss dei ikkje aksepterer reglane og kva det vil seie at dei let politiet gjere undersøkjinger med hund.

- Politiet kan bruke ransaking med grunngjeving i straffeprosessloven. Men då må det vere sakleg grunn til mistanke. Då kan politiet søkje etter narkotika i sekker og jakker. Eit slikt søk vil då vere eit skritt i samband med etterforsking. Eg er skeptisk til at politiet kan kome uventa og utan grunn berre for å søkje etter narkotika, seier Skaug.

Flere saker fra Innlandet