Hopp til innhold

Vil ofra ungdomstida for ballettdansen

Denne veka møtast unge norske dansarar og verdseliten i ballett under Valdres Sommerballett. Skal ein ha sjanse på ei karriere innanfor kunstforma må ein gje avkall på mykje. Det er Philippa Arntsen Wik villig til å gjere

DANS: Philippa Arntsen Wik under Valdres Sommerballett mandag.

SNURR: Philippa Arntsen Wik er spådd ei lysande karriere. Ho opptredde under Valdres Sommarballett denne veka.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Eg får så mykje meir ut av det her enn å henge med venner utanfor liksom. Dei lærar deg ikkje berre ballett, dei lærar deg livet. Eg vil heller ha det enn ein vanleg ungdomstid, seier 15-åringen frå Oslo.

Nå er den unge dansaren i Valdres. Denne veka møtast ballettalent i alderen 7 til 18 år frå heile landet i Fagernes.

Valdres Sommerballett er eit samarbeid med sommersymfonien. Og de unge dansarane får moglegheit til å terpe teknikk med verdsleiande ballettpersonlegdommar.

Dei lærar deg ikkje berre ballett, dei lærar deg livet.

Philippa Arntsen Wik (15)

Trenar med verdas beste

På gjestelista til arrangementet står blant anna Uliana Lopatkina og Vadim Pisarev.

Dagleg leiar ved Den Norske Ballettskole, Irene Aarset Jansson, fortel at dette er like stort som om skodespelar Brad Pitt, eller fotballspelar Ronaldo skulle ha kome.

– Fagernes er no «the place to be», smiler ho

Hardt arbeid

Vadim Pisarev var på midten av 90-talet verdas beste ballettdansar. Denne veka skulle han eigentleg vore i Korea, som domar under ei ballettkonkurranse der, men avlyste og kom til Noreg i staden.

Han understrekar at skal du bli profesjonell dansar, krev det mykje av deg.

– Ballett er ikkje for moro skuld. Det må du forstå. Har du moglegheit til å bli ballettdansar, må du arbeide veldig hardt kvar dag, seier han.

Det er 15-årige Arntsen Wik klar for. Allereie trenar ho seks dagar i veka.

Ballettdansar Philippa Arntsen Wik

SATSAR ALT: Philippa Arntsen Wik vel nå bort skulen for å satse på Balletten. Målet er å få seg russisk ballettutdanning.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Ein av svært få

– Eg elskar ballett, og eg ser ikkje for meg at eg skal gjere noko anna, seier ho

Nå er ho òg valt ut til masterclass ved Den Norske Ballettskolen. Det er det berre ein handfull som har vorte før ho.

Difor vert vidaregåande utdanning andre prioritet og talentet vil bruke dagane sine til danseundervisning Det betyr undervisning på dagen, i tillegg til dansinga seks kveldar i veka.

Flere saker fra Innlandet