Røykekuttkampanjen som helseminister Dagfinn Høybråten sette i verk overfor dei tilsette ved sjukehusa, har virka.
Ved sjukehuset på Lillehammer har alle som deltok på røykekuttkurset slutta.
- Betre enn venta
Hovudverneombod på sjukehuset i Lillehammer, Bjørn Egil Skard, tykkjer dette er gledeleg.
Vellykka røykekuttkampanje frå helseminister Dagfinn Høybråten.
- Dette er flott! Alle 21 som deltok på kurset slutta, og det var mykje betre enn venta.
Røyekforbod
Frå 1. juni er det forbode for dei tilsette ved sjukehusa å røyke i arbeidstida. Men sjukehuset har ikkje kapasitet til å kontrollere om dei tilsette følgjer den nye lova.
- Vi reknar med at dei som jobbar her er lojale og sluttar opp om vedtaket, seier Skard.
Det var i mars at helseministeren starta kampanjen "Røykfrie sjukehustilsette".