PÅ FOLKEMØTE: Distriktssjef Kjell Seim og utbyggingssjef Per Martin Lund i Statens Vegvesen.
Vegsaka splittar folk i Vågå. Frontane står fyrst og fremst mellom handelsstanden og dei andre som bur i sentrum.
Det er ein klassisk strid der dei næringsdrivande fryktar for levebrødet sitt om vegen blir lagt om, mens dei andre argumenterer med trafikksikkerheit og miljø.
Riksveg 15 går i dag gjennom Vågåmo sentrum. I mange år har det vore avgjort at vegen skal leggjast utanom, men tida har gått utan at noko har skjedd - før nå.
Handelsstanden i Vågå vil ha vegen gjennom sentrum. F.v. Nina Bråten, Ann Kristin Kolstad, og leiar Tove Ulen.
Mykje engasjement
Da Vegvesenet kunngjorde at dei til hausten kan starte arbeidet med å leggje vegen utanom sentrum, vakna motstanden i bygda for alvor.
I går kveld inviterte Vegvesenet til ope møte. Der var folk var mest opptatt av kvar nyvegen skal gå.
Og at saka engasjerer er sikkert.
Rundt 150 møtte opp i samfunnshuset, og mange tok ordet. To av dei var Aslaug Valde og Einar Engum, som driv forretning i Vågåmo.
Stor usemje
- For å oppretthalde den handelen og næringsstrukturen vi har, og at folk skal få det tilbodet dei er ute etter, må vegen absolutt gå gjennom sentrum, seier Engum.
Aslaug Valde er av ei anna oppfatning.
- Det er mykje betre å leggje vegen utanom for å få eit trygt sentrum. Vi som bur her heile året støttar næringslivet ved å handle alle varene våre her. Det er dei som bur her heile året som gjer bygda levande, seier Valde.
Kommunestyret i Vågå gjorde i 1994 vedtak om at riksveg 15 fortsatt skulle gå gjennom sentrum, men departementet overprøvde vedtaket og bestemte at vegen skulle leggjast utanom.
Kan bli omkamp
Nå kan det bli omkamp, men da må to tredelar av kommunestyret krevja det, seier ordførar Rune Øygard.
I 30 år har vagvérane venta på ny veg, men nå kan krangelen om traseval føre til at dei må vente enda lenger dersom det skulle bli ny behandling i kommunestyret.
- Men vi skal ikkje reise ei sak dersom det viser seg at ho er urealistisk, seier Rune Øygard.
Distriktssjef i Statens vegvesen, Kjell Seim, tykkjer det har lite for seg.
- Normalt skal det vesentleg endra premiss til for at eit departement omgjer eit tidlegare vedtak. Så i praksis kan saka blir forseinka, men eg ser ingen grunn til at tidlegare vedtak skal blir gjort om, seier Seim