NRK Meny
Normal

Vedtok eittårig vidaregåande skule på Dombås

Etter ein lang debatt bestemte Fylkestinget i Oppland for å opprette eit eittårig vidaregåande skuletilbod på Dombås.

Fylkestinget i Oppland

Fylkestinget i Oppland gjekk for ei mellomløysing for den vidaregåande skulen på Dombås.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det inneber at det blir mogleg å ta eitt år med studiespesialiserande utdanning, samt eittårige tilbod for helse og oppvekst og service og samferdsel. Etter dette året må elevane på Dombås søkje seg vidare på andre skular.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Kjetil Lundemoen, meiner at ei slik løysing er den beste. Han peika på at Kunnskapsløftet stiller tøffe krav til breidde i tilboda i den vidaregåande skulen, og at dette vil vere vanskeleg å få til ved eit treårig tilbod på Dombås.

– Dette vil stå seg over tid. Vi vil kunne rekruttere betre til yrkesfaga. Samtidig vil fleire kunne bu heime fyrste året, og vi vil ha eit tilbod for dei i Dovre og Lesja, sa Lundemoen.

SE VIDEO: LUNDEMOEN OG FASTERAUNE OM SAKA:

Kjetil Lundemoen (Ap) og Bengt Fasteraune (Sp) om fylkestingets vedtak om ettåring skole på Dombås.

Reporter Thor Henning Lerstad. Fotograf Arvid Torsgard.

– Eit tilbod ingen vil ha

Folk i Lesja og Dovre meiner at dei vart lovd ein treårig vidaregåande skule på Dombås da Hjerleid vart bestemt nedlagt i februar.

Arbeidarpartipolitikarar i dei to kommunane har truga med å melde seg ut av partiet, og ordførar Bengt Fasteraune (Sp) sa tidlegare i dag at det ikkje er aktuelt for dei å byggje lokale til ein eittårig skule.

– Det er eit tilbod som absolutt ingen vil ha, korkje elevar, lærarar eller politikarar. Det er heller ikkje noko økonomiske eller faglege grunnar til å gjere det slik, seier Fasteraune.

Fleire av dei tilreisande frå Dovre og Lesja var tydeleg skuffa etter at vedtaket vart gjort.

Vil ha kommunal skule

Buss frå Dombås på veg mot fylkestingsmøte

Ein buss med nord-gudbrandsdølar reiste i dag til Lillehammer for å følgje fylkestingsmøtet. Dei må reise skuffa attende.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre er alle for å opprette eit treårig tilbod på Dombås. Dei meiner at eittårig løp ikkje vil bli eit robust nok tilbod.

Kari-Anne Jønnes frå Høgre meiner at elevgrunnlaget i Nord-Gudbrandsdalen er for lågt til å opprette eit nytt skuletilbod på Dombås.

– Det vil gå seg ut over dei andre skulane, og gå seg utover økonomien, sa ho frå talarstolen.

Høgre vil heller at Dovre tek initiativ til å opprette ein kommunal vidaregåande skule på Dombås.

Fleire av fylkestingsrepresentantane understreka også at dystre spådommar har lett for å bli sjølvoppfyllande, og bad folk i Dovre og Lesja gjere det beste ut av det vedtaket som nå er gjort.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Langt hopp av Lundby

    Maren Lundby fra Kolbukameratene er i storform. Under første omgang av laghoppingen fra Hinterzarten hoppet Lundby 109 meter, lengst av samtlige hoppere. Det norske laget ligger på sjuendeplass etter første omgang. Japan leder foran Tyskland.

  • Kokslien vant i kombinert

    Mikko Kokslien fra Søre Ål vant fredagens kombinertrenn i kontinentalcupen i Colorado. Kokslien slo Truls Sønsthagen Johansen fra Elverum med seks tideler. Duoen var langt bak etter hoppdelen, men i langrennsdelen var nordmennene klart best.