Les også: Ikkje overraska over Vigrid-tilknytning
Les også: PST etterforskar Vigrid
Ifølgje lokalavisene skal prisen på ein Glock pistol ha vore 8.500 kroner. Og politiet stadfestar nå at nokre av dei som er sikta for å ha stole desse våpna er knytt til nazimiljøet.
Det er uklart om den høgreekstreme organisasjonen Vigrid hadde planlagt å bruke våpna frå Jørstadmoen sjølve.
Vigridleiar Tore Tvedt.
Vil ikkje seie om han kjenner sikta
Leiaren av Vigrid, Tore Tvedt, sa til fleire medier onsdag at han ikkje kjenner til at folk knytt til organisasjonen hans skal vera sikta for våpentjuveriet.
I alt ti personar sit arrestert for våpentjuveriet. To er sikta for grovt tjuveri, mens dei øvrige førebels er sikta for grovt heleri. Enda ein person vart pågripen av politiet i Vestfold tysdag kveld, men vart slept fri av politiet onsdag formiddag.
26-åringen er broren til ein tidligere løytnant ved Jørstadmoen militærleir, og han er også ein av dei som er knytt til det høgreekstreme miljøet Vigrid. Men leiaren i denne organisasjonen, Tore Tvedt, vil ikkje stadfeste om han kjenner 26-åringen.
-Det er jo ein del vigridar etterkvart.., seier Tvedt.
Fleire arresterte i Vigridmiljøet
- Vi har arrestert personar som er med i Vigridmiljøet ,seier
politiinspektør Olav Sørby ved Gudbrandsdal politidistrikt.
På ein pressekonferanse onsdag ettermiddag sa han at politiet likevel meiner at våpentjuveriet var gjort i vinnings hensikt, - altså for å tene pengar ved å selje våpna vidare.
- Vi brukar ikkje våpen, seier Vigridleiar Tvedt, men han nektar å svare på om det finns våpen i miljøet.
Vigridleiar tvilar
Vigridleiar Tore Tvedt seier at han tykkjer det ville vore rart om nokon innan det høgreekstreme miljøet hadde begått våpentjuveriet.
- Grunnen til det er at dei er overvaka av politiet, seier Tvedt.
- Norge er ikkje eit land der folk som er overvaka av politiet kan drive med kriminalitet, meiner Tvedt.
Store mengder våpen
Tjuvane kom seg frå Jørstadmoen militærleir natt til 26. august med eit heilt arsenal av våpen: 66 AG-3-gevær, 42 Glock-pistolar og ti MP5-maskinpistolar. I tillegg vart også to Luger-pistolar, to maskingevær og eitt skarpskyttargevær stole.
(Illustrasjonsfoto)
På marknaden i Sandefjord må du nå betale 8.500 kroner for ein pistol.
- Det er nesten dobbelt så mykje som det pistolen kostar til vanleg, seier våpenhandlar Terje Wanvik i Sandefjord. Han driv firmaet Orion våpen as.
- Det er tydeleg at det er etterspørsel etter slike varer, seier Wanvik, når han får høyre prisen.