Hopp til innhold

Vanskjøtsel av dyr for retten

Ei svært alvorleg dyrevanskjøtselssak skal behandlast i Toten tingrett torsdag 2. mars. 

Ei kvinne frå Oppland risikerer å bli frådømd retten til å ha med dyr å gjera. For vel eit år sidan vart det funne 25 tild els avmagra hundar og tre hestar heime hjå kvinna.

Mange av dyra leid, og måtte avlivast.

Det var i januar i fjor at Dyrevernnemda og Mattilsynet aksjonerte heime hjå kvinna, som den gongen budde på Biri. Der fann dei 25 hundar, tre hestar og ein katt. Mange av dyra hadde tydeleg lidingar. 

Store depresjonar

Ifølgje tiltalebeslutninga frå Statsadvokaten i Hedmark og Oppland, skal kvinna ha latt vera å sørgje for at dyra fekk nok vatn og mat. Dei har også mangla tilsyn og stell. Av den grunn var fleire av dyra sterkt avmagra.

Forsvararen til kvinna, advokat Joacim Holter, seier han vil prosedere på at kvinna var sjuk med store depresjonar i det aktuelle tidsrommet:

Kvinna er blant anna tiltalt for alvorlege brot Dyrevernlova, og kan bli frådømd retten til å ha med dyr å gjera i framtida. Etter det vi får opplyst, har kvinna framleis dyr på den nye bustaden sin i ei anna kommune.