Hopp til innhold

Våler-arkitekt skulda for plagiat

Nye Våler kirke liknar mistenkjeleg på Hatlehol kirke, meiner danske arkitektar. Så mykje at dei har sett advokatar på saka.

Espen Surnevik

UFORSTÅANDE: Arkitekt Espen Surnevik kjenner verken til den danske arkitekten eller kyrkja hans.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det skriv avisa Glåmdalen.

– Vinnarutkastet til den nye kyrkja i Våler er påfallande likt Hatlehol kirke i Ålesund som vi har teikna, seier arkitekt Dan Cornelius i arkitektfirmaet Cornelius + Vöge i Roskilde i Danmark.

Vil ha unikt kyrkjebygg på Sunnmøre

Tysdag fekk dei danske arkitektane sjå bilete av kyrkjebygget som arkitekt Espen Surnevik har laga.

– Vi vart overraska over kor likt det var vårt eige kyrkjeprosjekt i Ålesund, seier Cornelius.

Kva meiner du? Kommenter nedst i saka!

Hatlehol kyrkje

HATLEHOL: Slik vil Hatlehol kirke i Ålesund sjå ut, teikna av arkitekt Dan Cornelius.

Foto: Cornelius + Vöge
Nye Våler kirke

VÅLER: Slik ser vinnarutkastet til nye Våler kirke ut, teikna av arkitekt Espen Surnevik.

Foto: Frode Meskau / NRK

Cornelius seier at ingen arkitektoniske bygg er hundre prosent ulike:

– Det vil alltid vere likskapar i større eller mindre grad, og vi har stor respekt for Surneviks prosjekt. Men vi synest jo likskapane er vel store.

Han har difor no vore i kontakt med det danske arkitektforbundet Danske Ark og bransjeforeininga sine eigne advokatar, og han vil no reagere overfor Surnevik og kirkeleg fellesråd i Våler som er byggherre.

– Vi har ein byggherre i Ålesund som ikkje vil bli særleg glad for at det blir bygd ei så lik kirke i Våler.

– Ikkje kjennskap

Surnevik på si side nektar for at han har kjennskap til kyrkjeprosjektet i Ålesund:

– Eg kjenner verken til arkitekten eller kyrkja hans, seier han.

Cornelius meiner mellom anna at tårnprofil og bruk av overlys i Surneviks kyrkjeprosjekt liknar mistenkjeleg på Hatlehol kirke som han har teikna.

– Mykje av forma er jo gitt på førehand. Det er planløysinga som i stor grad bestemmer utforminga, svarer Surnevik.

– Vil reagere

Arkitekten bak vinnarutkastet til den nye kyrkja i Våler er forbausa over insinuasjonane frå sin kollega i Danmark om at han skal ha henta idear frå prosjektet i Ålesund.

I Danmark skal arkitektfirmaet Cornelius + Vöge no drøfte problemet med byggherren i Ålesund og sine juristar:

– Deretter vil vi vite nøyaktig korleis vi skal reagere, seier Cornelius.

Flere saker fra Innlandet