Hopp til innhold

Våler Ap boikottar Glåmdalen

Meiner seg urettmessig behandla av avisa.

Sjefredaktør Rolf Nordberg og ordfører i Våler Kjell Konterud

Ordførar Kjell Konterud og Våler Ap boikottar Glåmdalen etter sjefredaktør Rolf Nordberg sin leiarartikkel førre fredag.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Bakgrunnen er at redaktør Rolf Nordberg på leiarplass skreiv at AP-ordførar Kjell Konterud er politisk død, og har spreia framandflykt i strida om asylmottaket på Haslemoen.

Styret i Våler Ap har vedteke å boikotte Glåmdalen for resten av valperioda, og oppmodar lag og foreininger om å gjere det same.

- "Ingen kommentar"

Styreleiar i Våler Arbeiderparti, Bjørn Riseng, seier at dersom avisa kontaktar dei kjem dei til å svare "ingen kommentar".

- Samtidig vil vi be våre medlemmar, sympatisørar, dei som stemmer på oss og lag og foreininger om å ta det same standpunktet. Sei opp avisa og bruk minst mogleg på annonsar og slik, seier Bjørn Riseng.

- Men er ikkje avisa ein viktig del av demokratiet

- Jo, og vi har tenkt mykje på det. Men vi har teke dette standpunktet fordi vi ikkje ynskjer ei avis som vil styre demokratiet, seier Bjørn Riseng.

- Ikkje til å tru

Redaktør i Glåmdalen Rolf Nordberg reagerer sterkt på Våler Arbeiderparti sin avgjerd.

- Eg trur nesten ikkje mine eigne ører. Dette er jo ei metode som vart praktisert av Ap lenge før krigen, der partiet skulle bestemme kva som skulle stå i avisene. I dag er det berre totalitære stater som styrer media.

Han fortel at Våler Arbeiderparti forlangte at dei skulle beklage leiarartikkelen som stod i avisa førre fredag. Nordberg seier at dette var fullstendig uaktuelt.

- Det ville vere eit brot både mot redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten, seier Nordberg.

Han fortel at dei ikkje har merka nokon storm av oppseiingar etter i løpet av dagen. - Nei, eg trur vi berre har fått ei oppseiing i løpet av dei siste dagane. Men det er uansett ein grei pris å betale for å fremje ytringsfridomen, seier Nordberg.

Flere saker fra Innlandet