Togentusiastar vil kjøre turisttog på strekninga Leira - Eina. Etter at NSB la ned drifta på togstrekninga vart skinnegangen borte frå Leira. Men da toget var klart for turisttrafikk, dukka det opp eit nytt problem. Alle bremserøra må skiftast ut. Så nå er togentusiastane ute etter nokon som kan ta på seg jobben på frivuiljug basis.
Pensjonert mekaniker
- Vi hadde håpa å få tak i ein pensjonert togmekaniker som kan ta på seg jobben, seier styremedlem i Valdresbanen, Knut Vestland.
Å reparere toget på verkstad vil koste 200.000 kroner for kvar vogn.
- Det seier seg sjølv at det ikkje er realistisk. Vi er ein gjeng med friviljuge som jobbar på idealistisk grunnlag, fortel Vestland. Han håpar å finne ein person som kan bidra utan store lønnshonorar.
- Vi har stort håp om at det finns ein jernbaneentusiast som kan hjelpe oss, seier Vestland. Han håper også at det kan vera nokon som kan bidra med midlar for å støtte jernbaneprosjektet.
Ring NRK
- Vi fekk oss litt av ein kalddusj da vi skjønte at toget ikkje vart klart til bruk.
Vestland seier at det er viktig å få togvognene på skinnen i dag. Det er tale om gode, gamle legendariske mtoorvogner som er i bruk på Skreiabanen og Valdresbanen. Vogntypen er også i bruk som museumsvogner på Krøderbanen.
Er du viljug til å ta eit tak for togvognene på Valdresbanen? Ta kontakt med NRK Hedmark og Oppland på telefon 61 28 72 00. Er du tilfeldigvis ein pensjonerttogmekaniker som kan noko om BM-86-lokomotiver, så er det midt i blinken.