Hopp til innhold

Vakta drapsgarden

Hundane som vakta drapsgarden i Søndre Land, har vorte eit problem. Til nå er kennelrekninga på 70 000 kroner.

Bjørn Strandvik med rottweilere frå Vollheim, drapsgarden
Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Ei kvinne og to menn som budde på garden, er arrestert i samband dobbeltdrapssaka. Etter den tid har hundane site i ein kennel.

Politet klarer ikkje å få omplassert dei sju rottweilerane, og kennelrekninga er snart kome opp i 70.000 kroner.

Diskuter: Hva bør skje med hundene?

Hundane vart henta frå garden etter at Ragnar B Abrahamsen frå Jevnaker vart funnen skoten og drepen på låven 4. juledag i fjor. Nokre dagar seinare vart ein annan mann funnen død i ein brønn.

Kvinna som dreiv garden, var opptatt av hundar og dreiv oppdrett av sju rottweilerar. Dyra vart også brukte som vakthundar fordi kvinna kjende seg trua.

Hundane skal aldri ha gått til åtak på nokon, men fleire som bur i bygda har vore redde for dei firbeinte vaktarane.

Vanskeleg å plassere

Nå er altså hundane plasserte på ein kennel i Vestoppland. Politiet fryktar at dei må betale rekninga for opphaldet, derfor er det ei mellombels løysing. Lensmann Ole Bjerke i Søndre Land seier saken er problematisk.

- Største utfordringa har vore å få til ei avtale om plassering av rottweilerane, og det har ennå ikkje lykkast, seier Bjerke. - Å ta over sju rottweilerar og ha dei hos seg, er ikkje så lett.

Politiet må sørge for at dyra ikkje lir, og det kan vera at dyra på avlivast, derosm ingen vil ha dei.

- Det er absolutt siste alternativ, seier Bjerke. - Vi vil prøve alle andre moglegheiter før vi går til eti slik steg.