Hopp til innhold

Væpna mann pågripe i politiaksjon

Mannen som utløyste ein væpna politiaksjon mot eit hus i Elverum søndag, vart ved 21.20-tida pågripe utan dramatikk.

Politiaksjon på Jømna

AKSJON: Væpna politi på Jømna i Elverum.

– Ein person er pågripe utan dramatikk, med god bistand frå politihelikopter, meldte politiet klokka 21.20.

Mannen vart pågrepe i eit skogholt ved fotballbana på Jømna.

– Han hadde kome seg bort frå huset hvor vi trudde han var, vart så observert i ein bil, og deretter til fots med eit våpen, men han var uvæpna da vi pågrep han, seier åstedsleiar for politiet, Wenche Gussiås, til NRK.

Trua politiet med hagle

Dramatikken starta på formiddagen da mannen i 20-åra trua politiet med våpen i samband med ei ransaking. Politiet oppsøkte mannen fordi dei meinte han hadde saker frå eit grovt tjuveri heime hos seg.

– Det var ein direkte trussel. Han peikte mot politiet som kom inn i rommet med ei hagle. Det var en konkret og direkte trussel, forteller Gussiås.

Politiet, som ikke var væpna, trakk seg unna.

Så kom dei tilbake tiil huset med ei stor styrkje, da dei meinte mannen kunne ha forskansa seg i huset på Jømna i Elverum. Politiet isolerte huset og freista å få kontakt med mannen, som dei kallar ein kjenning av politiet.

Fann huset tomt

Klokka 20.50 rykkja politiet inn i huset, men fann det tomt.

– Vi har søkt gjennom huset, og han var ikkje der, fortalte operasjonsleiar Kjartan Waage.

Politiaksjon Jømna

Alt tilgjengeleg mannskap deltek i aksjonen.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Klokka 21 fekk NRK sitt team beskjed om å forlate plassen, fordi politiet mistenkte at mannen var væpna med hagle.

Om lag kl.18.30 meldte politiet på Twitter at dei ynskte opplysningar om ein grøn kassebil av typen VW LT utan registringsnummer.

Klokka 20.20 fortalte operasjonsleiar Kjartan Waage at bilen er observert noko lenger sør i Elverum, og at politiet ynskte å sjekke den ut.

Klokka 20.50 sa Waage at dei mistenkte at det var den etterlyste mannen som køyrte bilen.

– Vi har fått opplysningar som tyder på at sjåføren er den etterlyste, fortalte Waage.

NRKs reporter Anne Næsheim fortalte klokka 21 at helikopteret var i lufta og at det søkte i området rundt Jømna..

Jømna Elverum

Klokka 21.20 vart mannen altså pågrepe, og politiet leitte søndag kveld etter våpenet som han tidlegare vart observert med. Mannen ble satt i arresten, og politiet skal i dag avgjere om dei vil be om at mannen blir varetektsfengsla.

Flere saker fra Innlandet