NRK Meny
Normal

Uroa over elevars ekstraferie

Stadig fleire foreldre tek elevane ut av skulen for å reise på ferie. Nå meiner rektor at smertegrensa er nådd.

Ferie sommer

Fleire tek med seg barna på ferie også utanom den fastlagte skuleferien.

Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

Berre på Søre Ål skule i Lillehammer tok 212 elevar ut nesten 1000 ekstra feriedagar i fjor. Ferieturane blir ikkje lengre lagt til skuleferien, men når prisane er rimelegast og det passar best for foreldra.

Nå meiner rektor Bodil Alver Moen at det har gått for langt.

Bodil Alver Moen

Rektor ved Søre Ål skule, Bodil Alver Moen, ser at stadig fleire pultar står tomme utover hausten.

Foto: Mariann Bjelle / NRK

- Eg er bekymra over utviklinga. Elevane mistar mykje undervisning på grunn av feriefråveret, seier ho.

- Skulen har ikkje ansvaret

Ho fortel at berre i løpet av ein drøy månad i haust så hadde 33 elevar til saman 159 dagar med feriefråver.

Nå har rektor Alver Moen skreve eit brev der ho understrekar at det er foreldra som har ansvaret når dei tek ungane ut av skulen. Ho seier at skulen ikkje har ansvar for å følgje opp elevar som har vore borte på ekstra-ferie.

- Kva blir konsekvensane når foreldra tek elevane ut av skulen?

- Det fører til at vi må ta opp att mykje av stoffet fleire gonger og kanskje ikkje kjem så langt som vi kunne og burde. Vi må repetere meir for dei som kjem att, og det går også utover dei andre elevane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Viktig med eit samarbeid

Anne Margrethe Lund

Fungerande skulesjef i Gjøvik, Anne Margrethe Lund, trur ei fleksibel ferieveke kan vere ei løysing på problemet.

Foto: Mariann Bjelle / NRK

Også fungerande skulesjef i Gjøvik, Anne Margrethe Lund, ser at det er eit problem at ferien blir forskyvd ut over store delar av hausten.

- Skal ein lære noko så må ein vere på skulen der undervisninga foregår. Ein lærer best når ein jobbar saman med andre, seier Lund.

Ho meiner at samarbeidet mellom skulen og foreldra må bli betre i slike saker, og har eit forslag til korleis dette kan bli betre i framtida.

- Det kan vere ei moglegheit å gjere haustferien fleksibel, slik at foreldre og barn kan ta ferieveka når det passar dei. Det vil kunne løyse ein del, meiner fungerande skulesjef i Gjøvik, Anne Margrethe Lund.

Denne saka blei diskutert i Magasinet på Østnytt torsdag kveld.

VIDEO: SE MAGASINET HER

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Løke: – Skal komme sterkere tilbake

    – Vi var rett og slett ikke helt med i dag, og vi bommet på for mange sjanser. Vi får ikke gjort noe med det nå, det er for seint, men vi skal komme sterkere tilbake, sier Storhamars Heidi Løke etter håndballjentenes tap i VM-finalen mot Frankrike.

  • Maren Lundby vant soleklart

    Hopperen Maren Lundby fra Toten utklasset konkurrentene i verdenscupen i Hinterzarten. Hun hoppet 105 meter i første og 102 meter i andre og vant med god margin foran Katharina Althaus. – Jeg var veldig nervøs i dag og det er var godt at jeg fikk til to lange hopp, sa Lundby etter seieren.

  • Ingen topplassering for Johansson

    Robert Johansson endte på 15.plass i verdenscupen i hopp i Engelberg. Johann André Forfang ble beste norske på fjerdeplass, mens Richard Freitag vant.