NRK Meny
Normal

Uro i SP

Dei nye avsløringane om Senterpartileiar Åslaug Haga fører til uro også i SP i Hedmark og Oppland.

Åslaug Haga
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Ny E6 redder skole.
Foto: Frode meskau / NRK

Fylkesråd Aasa Gjestvang i Hedmark synest avsløringane omkring den ulovlege utleiga av stabburet til Haga og ektemannen er alvorleg. Ho forstår at tilliten til partileiaren blir svekka.

Senterpartiordførar i Østre Toten, Hans Seierstad, er einig i at avsløringane er alvorlege. Han meiner Åslaug Haga må gå av som olje- og energiminister dersom tilliten er svekka.

Leigetakar frå Toten

I seinare tid har det kome fram stadig nye og kritiske opplysningar om utleiga av stabburet. Etter først å ha nekta, innrømma Haga at stabburet var utleigd frå 2002. Men onsdag skriv VG at ein mann frå Østre Toten budde der frå 1998 til 2002.

Aasa Gjestvang kan forstå at folk reagerer.

- Politikarane bestemmer lovene og forvaltar dei. Dersom vi ikkje klarer å leva opp til dei lover og reglar som samfunnet har, så blir det jo ekstra vanskeleg for folk å forstå dei, seier ho.

Må ha tillit

Ordfører i Østre Toten, Hans Seierstad
Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Også tidlegare fylkesordførar i Oppland, Hans Seierstad, synest saka begynner å bli alvorleg. Når det stadig kjem fram opplysningar om ting som er i strid med gjeldande lovverk, så blir tilliten til henne svekka, seier han.

- Bør Haga trekkje seg?

- Slike spørsmål er det statsministeren som må vurdere, seier Seierstad. - Men dersom det blir reist tvil om tilliten, så blir det vanskeleg å halde fram som statsråd.

NRK Hedmark og Oppland har vore i kontakt med fleire fylkespolitikarar, og synspunkta spriker. Enkelte seier dei framleis har full tillit til leiaren, medan andre seier ho bør trekkje seg.

- Det viktigaste nå er at sanninga kjem fram ein gong for alle, meiner Hans Seierstad. - Det er einaste måte å få truverde på.

Saka er uheldig for partiet, meiner Aasa Gjestvang.

- Også politkarar kan trå feil, seier ho. - Men det er klart det er uheldig for SP å ha ein leiar som har kome opp i dette uføret.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • To turistar redda ut av Rondane

    Ei snøskuterpatrulje frå Norges Røde Kors Hjelpekorps har henta ut to menn frå fjellet som hadde problem med å ta seg ned att på eigehand. Aksjonen starta rundt klokka 18.40 i ettermiddag, og båe skal vera i god form. Mennene vart henta ut frå Eldabu aust for Rondablikk.

  • Gangnes vil tilbake

    Skadeforfulgte Kenneth Gangnes trosser de medisinske rådene, og har bestemt seg for å gjøre et siste comeback i hoppbakken. Det melder NTB. Det er fjerde gang hopperen fra Kolbukameratene kjemper seg tilbake fra korsbåndsskade. Operasjonen i november var vellykket, og totningen ser for seg å være tilbake på ski til høsten.

    Nyoperert Kenneth Gangnes hjemme på Lillehammer
    Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK
  • Kjørte inn i bom ved tunnel

    Flere biler kjørte inn i en bom som gikk ned ved Teigkamptunnelen i Nord- Fron i kveld. Bommen gikk ned etter at en trailer fikk problemer inne i tunnelen. I følge politiet har traileren kommet opp i taket. Vegen er fortsatt stengt og trafikken omdirigeres.