Her er oversikten over turnusvalga
Somme skuldar på funksjonsdeling, andre på at Innlandet ikkje ligg sentralt nok plassert.
Men faktum er at dei 6 sjukehusa i Hedmark og Oppland, som til saman har 45 turnusplassar, ligg godt nede på lista over sjukehus som er attraktive for turnuskandidatar.
Per Ivar Finstad frå Trondheim hadde Oslo og Tønsberg som 1. og 2.val da han skulle ut i turnus. Men han havna på tredjevalet - Lillehammer sykehus.
- Eg er veldig godt tilfreds med Lillehammer nå, og har innstilt meg på det, seier Finstad.
For nokre år sidan var sjukehuset på Lillehammer blant dei mest populære å søkje seg til. Nå seier studentar vi har prata med at funksjondelinga gjer at dei vel andre sjukehus når dei skal ut i turnus.
Oslo og Bergen mest populært
Dei mest populære turnusplassane er dei små sjukehusa i Oslo og Bergen.
Dersom ein rangerer sjukehusa i Innlandet, så kjem likevel Lillehammer best ut med Hamar hakk i hel.
Deretter følgjer Gjøvik, Elverum og til slutt Tynset. Men trass i at Innlandet er upopulært blant mange legestudentar, finst det likevel somme som kan velja på øvste hylle, og likevel vil til Innlandet.
Veit ikkje kva Innlandet står for
Mette Holland er ein av dei.
- Eg var så heldig at eg kunne velja nesten kva eg ville. Eg er frå Moelv og har tenkt å flytte heimover. Derfor valde eg Hamar, seier Holland.
Ho trur at mange kanskje ikkje veit kva innlandsbyane står for, og at det er derfor dei store byane er meir populære.