og Vera Wold
Kvar einaste haust dei siste fire åra har talet på dei som droppar skulen gått opp, syner informasjon frå Oppfølgingstjenesta.
Mange av dem havner på på sosialen.
- For kjedeleg
- Det er for kjedeleg. For mykje lekser, for mye tavle, for mye prat og for mange innleveringer. Difor må pensum og undervisninga leggjast om, seier Helene Bergan fra Kongsvinger.
Ho har dei to siste åra kome inn på grunnkurs i dei vidaregåande skulane, men har gitt opp. Ho veit og om fleire som ikkje lenger går på skulen.
- Ein del av dei har gått til sosialkontoret for å få hjelp, og dei har blitt der, seier Bergan.
Førebur seg
Bergan har sjølv fått plass på det skule- og arbeidsførebuande kurset som Oppfølgingstenesta i Kongsvinger har starta.
- Det er kjempeålreit. Eg blir tatt vare på og vi får eit tilbod som er tilpassa det vi sjølv vil. Du får ein praksisplass i staden for skuleplass, noko som ikkje gjer tilvèret så kjedeleg, seier Bergan.
Fleire og fleire
Veiledar Ingjerd Aahlin ved Oppfølgingstenesta seier det blir verre for kvart år å halde kontakt med ungdommane.
- Fleire takkar nei til skuleplass. Samstundes ser eg at vi får mindre svar attende. Det ser ut som om dei rett og slett gjev blaffen, seier Aahlin.
I Oppfølgingstenesta må dei i stadig større grad vere detektivar for å finne ut noko om ungdommane.
Miljø og familie avgjer
10000 elevar frå Austlandet skal dei neste fem åra bli følgd opp av Norsk Institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU).
Målet er å finne ut kvifor nokon vel bort skulen. Dei fyrste tala syner at fem-seks prosent vel å ikkje møte opp, eller dei sluttar i fyrste skuleår.
- Dette er ofte ungdom som ikkje har fått det til i grunnskulen, både fagleg og sosialt. Det andre gjeld tilhøve til familien. Dei som ikkje får støtte frå foreldre og familie, har lettare for å droppe skulen, seier Eifred Markussen, prosjektleiar ved NIFU.
Han meiner ei tettare oppfølging mellom skule og den enkelte elev ville vore eit gode.