Stadig fleire unge opplever omsorgssvikt, og ber sosialkontoret om hjelp til å få skikk på livet sitt. Det syner ei rundspørring NRK Hedmark og Oppland har gjort.
I Gran kommune var det over 60 ungdommar som ba om hjelp for å få skikk på livet sitt i fjor.
I Gran kommune var det over 60 ungdommar som ba om hjelp for å få skikk på livet sitt i fjor.
- Hjelp til å koma vidare
Ein av ungdommane som NRK har snakka med, seier at sosialkontoret var staden å gå da han vart kasta ut frå heimen. Her får han støttekontakt, og hjelp til å klare kvardagen.
Mange ber om støtte til bustad og mat, men dei ber også om hjelp til å få skikk på livet sitt.
Dei har rett og slett ingen vaksenpersonar som bryr seg lenger.
Mange ungdommane har opplevd omsorgssvikt og treng tett oppfølgjing.
- Einsame
Mange av dei har opplevd omsorgssvikt og treng tett oppfølgjing.
Sosialleiar Kari Engebretsen, i Gran kommune, seier ho møter mange einsame som føler at foreldra ikkje er glad i dei lenger.
Gran kommune søkjer nå helse- og sosialdepartementet om pengar til to nye stillingar, som skal brukast til å få ungdommane på rett kjøl.
- Vi kan hjelpe, men det tek tid. Derfor søkjer vi om fleire stillingar, seier Engebretsen.
- Ungdommane som oppsøkjer sosialkontoret veit ofte sjølve at dei er i faresonen med omsyn til rusproblem.