Hopp til innhold

Ung brite angreip politiet

Ein brite i slutten av tenåra laga i natt bråk på puben Nikkers på Lillehammer. Då politiet kom til staden, freista han å koma seg unna, men vart innhenta. Den unge briten gjekk då til åtak på ein politimann og skalla han i brystet. Politimannen kom ikkje fysisk til skade, men mannen måtte tilbringe natta i arresten. Mannen hadde falske identifikasjonspapir. Saka er anmeldt.