Hopp til innhold

Ullmann hyller døler i New York

Skodespelar Liv Ullmann er mektig imponert over dei 180 gudbrandsdølene som betaler frå eiga lomme for å spele Peer Gynt i Central Park.

Peer Gynt i New York
Foto: Ann Iren Kolås

- Desse frivillge frå Gudbrandsdalen har skjønt kor viktig Peer Gynt og Ibsen er, seier vår store internasjonale filmdiva, Liv Ullmann.

Ho var med da eit internasjonalt pressekorps var inviterte til pressevisning i Central Park i natt. Dei fekk vere med på dei siste prøvene til Peer Gynt-forestillinga som for anledninga er flytta frå Gålå til verdsmetropolen.

Liv Ullmann ønsket pressen velkommen i New York
Foto: Ann Iren Kolås

Eig Ibsen

- Dette er viktig fordi vi får vist fram den nasjonalskatten Ibsen er. Forestillinga på Gålå har fått oss til å sjå på Peer Gynt på ein anna måte. Det er ein grunn til at så mange kjem til Gudbrandsdalen kvart år for å sjå forestillinga, seier Ullmann.

Dei 180 frivillige teateramatørane frå Vinstra og omegn betaler 4000 kroner kvar for å få vere med på turen.

- Dette syner at dei har eit eigeforhald til Ibsen. At dei betaler for reise og opphald på eigehand seier ein del. Når dei meiner Ibsen er så viktig, så burde alle tenke at han er viktig, seier Ullmann til NRK. 

Peer Gynt i New York
Foto: Ann Iren Kolås

Spent

Forestillinga speles på Delacorte-teatrets friluftsscene i den gigantiske Central Park. I følge Ullmann er det slettes ikkje så vanleg at utenlandske teatergrupper blir invitert til New York på denne måten. Det legg litt ekstra press på aktørane.

- Det er veldig spesielt og veldig spanande. Men vi blir teke godt vare på, og gler oss veldig, seier hovedrolleinnehaver og regissør, Svein Sturla Hugnes. 

Han trur amerikanerane kjem til å like forestillinga.

- Eg trur dei vil tenke at det er ganske eksotisk, merkeleg og rart! Samtidig så håper eg dei vil få gode, varme følelser i kroppen av det heile, seier Hungnes. 

 

Therese Lorentzen frå Vinstra er ein av dei som spelar med Peer Gynt i New York.
Foto: Ann Iren Kolås

 

Stor opplevelse

- Sjølv om det er uvanleg for oss å spele på ei vanleg scene, så er det ei stor oppleving for oss som amatører å vere her. Det var vel ikkje noko eg hadde venta drøymt om, seier Oddvar Viken.

Også blant dei proffesjonelle er stemninga spent. Mari Maurstad har ein betennelse i foten og hinker rundt på krykker. Men saman med resten av gjengen er ho sikker på at alt skal ordne seg til premiera. 

Flere saker fra Innlandet