(Ill. foto/Scanpix)
I Hedmark og Oppland har 112 av til saman 313 grunnskular færre enn 100 elevar.
- Miljøet er trygt, og vi legg vekt på å få god trivsel både for store og små. Det seier rektor Åse Grihamar ved Øye skule i Vang i Valdres.
Skulen er den minste i Oppland. Men barnehagen held til under same tak som skulen, og det gjer miljøet større for elevane. I alt har dei 30 ungar frå 0 til 9 år i hus.
- Samarbeidet med barnehagen gjer at skulestarten blir mjuk for fyrsteklassingane, og lærarane har tid til å ta seg godt av kvar enkelt elev, seier Åse Grihamar.
Forskarane uenige
Skuleforskar ved NOVA, Thomas Nordal, meiner at skular med under hundre elevar kan ha problem med å skape eit fagleg godt miljø for lærarane, og eit stort nok sosialt nettverk for elevane.
- Små skular er langt meir sårbare enn store, seier Thomas Nordal. Han meiner det pedagogiske miljøet kan bli betre på ein stor skule enn ein liten.
- Eg kjenner ikkje att den situasjonen som Nordal skildrar, seier Wenche Rønningen, som forskar på skulemiljø ved Nordlandsforskning.
Ho har blant anna funne ut at dei små skulane i større grad enn store skular greier å realisere måla i læreplanen (L97) i forhold til å bruke lokalmiljøet som læringsarena.
- Eit aktivt kommunalt og regionalt miljø skaper større nettverk for både lærarar og elevar. Det gir elevar ved små skular nye sosiale arenaer, og ein kan til dømes ha felles idrettsdag og leirskule, seier Rønningen.
Strid i Gausdal
Forskinga er drege inn i striden kring nedlegging av skular, som er eit betent tema i svært mange kommunar.
I Gausdal er det ei høgst aktuell problemstilling, som kommunestyret skal ta stilling til torsdag kveld.
Om eit år kan Gausdal ha alt frå fem grendeskular til ein storskule med 700 elevar.
Både i Østre og Vestre Gausdal mobiliserer nå folk, i ein bitter strid om kva som er best for ungane.