Les meir om dyretragedien i Gausdal.
Det var i slutten av april at 174 grisar i Gausdal døydde i det svært varme fjøset.
Grisebonde Marit Fougner har tidlegare sagt til NRK at ho trur det er ei vifte som hadde stoppa som var årsaka til tragedien.
Meldt til politiet
Lensmann Tor Åge Rønningen i Gausdal seier det står att nokre avhør denne veka før dei kan trekkje nokon konklusjon.
Det var Mattilsynet og Dyrevernnemnda som meldte saka til politiet etter ei synfaring på garden Søndre Fougner etter grisetragedien.
Moderne fjøs
Marit Fougner driv stort med gris, og i løpet av eit år er nesten 4.000 grisar innom fjøset på garden. Drifta er moderne, med stor grad av automatikk.
Fougner har tidlegare sagt til NRK at grisefjøset vart godkjent for to år sidan.