Hopp til innhold

TV-aksjonen er i gang

Tusenvis av bøssebærere samler i dag inn penger til inntekt for Blå Kors.

TV-aksjonen

Hanne Sætre Hagelund, Sahra Sætre Hagelund, Halvor Flathagen, Hedda Flathagen og Eline Håkonsen samlar inn pengar i Elverum.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Pengane frå årets TV-aksjon går til Blå Kors sine prosjekt retta mot barn og unge som er råka av foreldras rusmisbruk.

- Ta vel imot bøsseberarane, er oppfordringa frå aksjonsleiar Wiggo Slåttsveen i Oppland.

- Spent

Det offisielle startskotet for aksjonen i Oppland er klokka 16 i dag, men mange har tjuvstarta og er godt i gang med innsamlinga.

- Vi er spent på kor mykje som vil kome inn. Vi håpar å kome i nærleiken av fjorårets resultat, da det vart samla inn ni millionar kroner berre her i Oppland, seier Slåttsveen.

Han oppfordrar alle til å løpe ut i minibanken og ta ut pengar, men det finst også råd for dei som ikkje har kontantane tilgjengeleg.

- Det går an å gje over internett eller telefon også, seier ein spent aksjonsleiar.

Utdeling av bøsser ved Frydenlund skole i Elverum

Bøssene blir gjort klare til innsamling på Frydenlund skole i Elverum.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Flere saker fra Innlandet