Hopp til innhold

Turgåarar er forbanna etter tagging i høgfjellet

I eit populært turområde i Rendalen har fleire titals steinar blitt tagga med uttrykksfulle symbol. Nå er saka politianmeldt.

Tagga stein i Rendalen

STEINANSIKT: Dette måla andletet møtte turgåarane langs den populære turstigen opp til Sølentoppen (1755 m.o.h) i Rendalen kommune i Hedmark.

Foto: Hilde Nystuen / privat

– Det trist at folk gjer slik i eit verneområde, seier forvaltar Hilde Nystuen.

Det er avisa Østlendingen som skriv om saka i dag

Hilde Nystuen brukar ofte dette turområdet og vart kjent med skadeverket gjennom sosiale media.

– Eg oppdaga det på sosiale media, og i ettertid har eg fått mange e-postar og telefonar frå folk som tykkjer dette er heilt grusomt. Vi er ikkje vane med å sjå slik ute i naturen, seier verneområdeforvaltaren.

Mange ulike symbol

symbol på stein langs tursti i Rendalen

Mange ulike symbole er måla på steinane langs den populære turstigen opp mot Sølentoppen i Rendalen.

Foto: Hilde Nystuen / Privat

Nystuen seier at dei enda ikkje har full oversikt over kor mange steinar som er utsette for hærverk.

– Det dreiar seg om ei strekning på om lag ti kilometer, og vi har berre fått kartlagt halve lengda, men vi har fått bilde frå turgåarar som seier at det er tett med symbol vidare oppover, både på små og store steinar og på fast fjell.

Dette er svært oppsiktsvekkjande, seier Nystuen. Ho kjenner ikkje til noko liknande tilfelle frå andre fjellområde.

– Det er alvorleg å male slik i eit verna område, og vi må jo fjerne dette att, noko som er både kostbart og tidkrevjande, seier Nystuen.

Korleis dette skal fjernast, har dei enda ikkje fått sjekka ut.

– Nå er det snart vinteren, så fjerning vil fyrst skje neste år. Nokre av steinane er små og kan snuast, men der det er måla på fjell eller blokkar, må målinga fjernast på ein eller annan måte, seier Nystuen.

tagging langs tursti i Rendalen

Mange av symbola er måla på fast fjell og store heller, og desse må fjernast på ein eller annan måte, seier Hilde Nystuen.

Foto: Hilde Nystuen / privat

Har undersøkt spor

Lensmann Bjørn Tore Grutle seier at politiet har vore på staden og tatt bilde og sikra seg spor i saka.

– Vi har mellom anna sett på kva type utstyr og måling som er brukt.

Lensmannen seier at dei er i gang med å undersøke kven som har betalt bompengar på vegen inn til området i det aktuelle tidsrommet.

tagging i verneområde

Det blir tidkrevjande og kostbart å fjerne tagginga, seier Hilde Nystuen.

Foto: Hilde Nystuen / Privat

– Vi har enda ikkje fått svar på dette, men det er vel heller ikkje sikkert at dei som har utført dette skadeverket har loggført si passering i bommen.

Så lang har politiet ingen spor i saka, men Grutle seier dei er interessert i tips frå folk som kan ha informasjon om skadeverket.

Flere saker fra Innlandet