4. januar 2000 oppdaga togleiarane på Hamar at to tog på Rørosbana var på kollisjonskurs. Nokre få minuttar etterpå var katastrofen eit faktum. Nordgåande og sørgåande tog kollidert på Åsta.
Lukka telefonnett
Togleiaren fekk ikkje telefonkontakt med toga. 19 menneske omkom. Nesten fem år har gått og nå skjer det omsider noko som gjer det tryggare å ta toget på Rørosbana; eit sikkert kommunikasjonssystem mellom togleiar og lokomotivførar.
Eit nytt kommunikasjonssystem skal hindre alvorlege trafikkulykker som på Åsta.
Eit spesielt lukka mobilnett for tog er bygd ut langs strekninga, og fyrste desember skal NSB ta i bruk systemet.
Det betyr at frå og med den datoen vil alle nødrop mellom tog og togleiarar nå fram via ein gsmr-radio. Dette er ei stor nyheit for togtrafikken i heile landet, og alle skal med tida nytte det nye kommunikasjonsssystemet.
Tryggare
- Vi ventar betre sikkerheit nå, seier Øyvind Åsheim, strekningansvarleg mellom Røros og Hamar i NSB.
- Vi vart lova at vi skulle få dette nye systemet fort, men det har tatt tid, seier Åsheim.
Også Nordlandsbana, Raumabana og Meråkerbana skal få tilsvarande kommunikasjonssystem nå.