Hopp til innhold

Tryggare for eldre

Det skal bli tryggare for eldre og funksjonshemma i Nord-Odal. I alle fall for dei som får flytte inn i leilegheiter med ny teknologi.

Leiligheter ny teknologi Nord-Odal
Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

I desember skal 18 leilegheiter stå klare, med teknologiske løysingar som varslar dersom ikkje ting er som dei skal vera. 

- Ny teknologi skal gjera folk tryggare, seier Espen Gylterud i IT-selskapet Centric.

IT-selskapet samarbeider med Kongsvinger og omegns boligbyggelag om det nye bustadprosjektet.

 

Leiligheter ny teknologi Nord-Odal
Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Tekniske løysingar

Dei 18 leilegheitene er som skreddarsydde for eldre og funksjonshemma brukarar.

- Det er mange som fell og skadar seg når dei famlar rundt i mørkret om natta, seier Espen Gylterud.

Målet er at leilegheitene skal bli spesielt trygge at alle finessane skal vera enkle å bruke teknisk. Mellom anna blir dei utstyrt med tekniske løysingar som varslar dersom nokon fell i dusjen. Og lyset slår seg på når nokon rører på seg i rommet.

Ein sentral vil vera bemanna, og bebuarane kan ta kontakt dersom dei treng hjelp. Leilegheitene er utstyrte med kamera, og frå sentralen kan dei sjå bebuarane dersom det trengst.

- Planlegginga av bustadane baserer seg på statistikkar som viser på kva måte folk er mest utsett for ulykker, seier Stein Rukin, administrerande direktør i Kongsvinger og omegns boligbyggelag (Kobbl).

Eldrebølgje

- Bakgrunnen for denne satsinga var Stortingsmelding nr 25 om framtida. Den tar opp framtida med eldrebølgje og dei utfordringar vi står overfor når det gjeld omsorg, seier Rukin.

- Det er derfor lagt stor vekt på å etablere teknologi som skal erstatte ein del av det menneskehendene gjer.

Dei første leilegheita skal stå klare i Nord-Odal i desember. Det er kommunen som prioriterer kven som treng ei slik leilegheit, men det er bebuarane sjølve som kjøper leilegheita av bustadbyggelaget.

Flere saker fra Innlandet