Hopp til innhold

Trio-filmen snart klar for kinopremiere

Etter tre sesongar som tv-serie på NRK Super er det snart klart for kinopremiere på filmen om den eventyrlystne ungdomsgjengen frå Skjåk. «Trio - jakten på Olavsskrinet» får premiere 17. februar.

TRIO premiere

SNART PREMIEREKLARE: Dei tre ungdommane som spelar hovudrollene i Trio-filmen under opptak i Trondheim tidlegare i år. Fra venstre Bjørnar Lysfoss Hagesveen, Naomi Hasselberg Thorsrud og Henrik Hines Grape.

Foto: Nordic Stories

I den nye filmen er Trio-ungdommane på sporet av det tapte Olavsskrinet. Eit skrin som i følgje legenda skal innehalde levningane til Olav den Heilage. Jakta fører dei frå fjellheimen i Skjåk både til Trondheim og Lofoten, og ikkje minst til det urbane Hamburg. Problemet er at også kriminelle skattejegarar er på sporet, både av Olavsskrinet og av Trio-gjengen.

– Og kanskje, om dei klarar å bekjempe skurkane, så finn dei kanskje ut kva som eigentleg skjedde med skrinet, seier manusforfattar Morten Hovland, som lovar ei spennande skattejakt med mykje action.

Viktig for filmmiljøet i innlandet

Historiane om Trio-ungdommane Nora, Simen og Lars frå Skjåk var i si tid ei medviten satsing av det regionale filmfondet Film3 i Hedmark og Oppland. Dei erfarne manusforfattarane Morten Hovland og Trond Morten Venaasen som begge bur i Lillehammer, utvikla eit univers der dei tre spenningssøkjande ungdommane frå fjellbygda Skjåk stadig kjem på sporet av gløymde gåter og skjulte skattar.

Produksjonsselskapet Fabelaktiv kom inn som produsent, og samarbeidet resulterte i tre populære tv-seriar for NRK.

– Målet var å få opp eit lokomotiv i innlandet, seier Venaasen. Eit lokomotiv som skulle vere ei drivkraft for filmmiljøet i regionen. Det føler eg at vi har fått til. Vi har vist at det faktisk går ann å leve av å lage film ute «i provinsen», som mange nok tenkjer at Lillehammer og resten av innlandet er.

Snart premiere på Trio-filmen

LILLEHAMMERTRIO STÅR BAK TRIO-FILMEN: Frå venstre Stein Berge Svendsen (komponist), Trond Morten Venaasen (manusforfattar) og Morten Hovland (manusforfattar).

Foto: sørenes / arne

Også ein av komponistane av filmmusikken både til seriane og filmen bur og jobbar i Lillehammer. Stein Berge Svendsen fortel at samlokaliseringa med manusforfattarane har gitt han mange fordelar i det kreative arbeidet:

– Når ein sit i same hus som dei som skriv historia, så får ein eit litt anna perspektiv enn når ein kjem inn seint i prosessen, slik filmkomponistar ofte gjer. No har vi diskurtert scener frå dei blir skrivne til dei kjem på skjermen, og dermer får ein som komponist eit mykje tettare forhold til innhaldet enn det ein elles gjer.

Dei tre tv-seriane er selde til Tyskland, og manusforfattarane meiner at dette viser at unike historiar frå distrikta kan ha potensiale i seg til å nå langt, og kanskje bli globale.

– Uansett korlei det går med filmen, så er det truleg noko av det viktigaste vi har fått til med Trio, seier Morten Hovland.

Flere saker fra Innlandet