Livsstilsjukdommar aukar dramatisk. Nå har sosial- og helsedirektoratet laga ti tilltak for korleis vi skal bli sunnare.
Tiltaka vart lagt fram på den internasjonale folkehelsekonferansen i Oslo i oktober.
Hjelp til å bli sprek
Eitt av tiltaka som skal trimme Norge, er at arbeidsgjevarane tek eit større ansvar for fysisk aktivitet for dei tilsette.
Dystre fakta frå Verdas helseorganisasjon vitnar om livsstilstrugsmål i framtida. Vi må bli sprekare.
Mindre sjuke
Granheim Lungesjukehus i Gausdal er av bedriftene som har satsa på trening i arbeidstida.
- Sjukefråværet har gått ned etter at vi byrja trimme på jobben, seier fysioterapeut Rønnaug Lo.
På Granheim får dei tilsette trene 45 minutt i veka i arbeidstida, men dei må skrive under på ei kontrakt om at dei trener like mykje på fritida.
- Fysisk aktivitet er kjempebra for helsa, seier Lo.
Morro på arbeidsplassen
- Trim i arbeidstida fører både til at vi blir sprekare, og det blir trivelegare på arbeidsplassen, seier Gunn-Elin Bjørneboe, assisterande direktør i sosial- og helsedirektoratet.
- Dette burde vore felt ned i arbeidsmiljølova, meiner ho.
- Mange arbeidsgjevararar tek dei tilsette si helse på alvor, og det er bra, seier Bjørneboe.