Hopp til innhold

Treig påsketinging

Folk ventar lenger enn vanleg med å tinge hytter eller hotell framfor årets påskeferie.

Trysilfjellet
Foto: Svein Birkeland

- Finanskrisa har gjort at folk sit på gjerdet og ventar på gode tilbod.

Det trur Kristin Sønsteli ved Kvitfjell Booking er forklaringa på at det går så treigt.

Atle Hovi på Beitostølen har erfart det same.

-Trenden er at folk tingar plass tettare og tettare inn mot påske, seier han.

Ledige plassar

Ei veke før påske begynner det likevel å fyllast opp ved dei store turistplassane. Det viser ei ringerunde NRK har gjort. Bjorli har heilt fullt, og også Trysil merkar stor interesse.

- Finanskrisa har ikkje vore nok til å hindre folk i å koma hit. Det seier Anne Dorte Carlson i Trysil Resort.

Men dei fleste stadene har ennå ledig plass.

Mange blir heime

Dei fleste påskeferierande blir likevel heime. Ein av åtte nordmenn reiser bort på påskeferie, dei fleste til stader i Norge.

Folk i Hedmark og Oppland er dei her i landet som reiser minst bort i påska, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Flere saker fra Innlandet