NRK Meny
Normal

Tre til sjukehus etter politijakt.

Etter ein halvtimes biljakt mellom Trysil og Elverum, køyrde fluktbilen av vegen. Dei tre ungdommane er sendt til sjukehuset på Hamar.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi fekk melding om eit innbrot på Skogmuseet litt etter klokka 02.00 i natt, og eit vekter-selskap hadde opservert ein raud Mercedes med tre personar som stakk frå staden.

Det fortel operasjonsleiar hjå politiet Dyre Antonsen.

Det vart stadfesta innbrot og ei politipatrulje frå Elverum møtte den aktuelle bilen noko seinare, litt etter klokka fem i dag tidleg, ved Kjernmoen mellom Elverum og Trysil. Dei tok opp jakta på bilen då han ikkje ville stoppe for politiet.

Så køyrde bilen vidare ned riksveg 25 mot Nybergsund, og heldt fram på fylkesveg 26 mot Sverige. Like før svenskegrensa ved Lutnes køyrde bilen ut av vegen.

Ingen farlege situasjonar

Det var tre yngre menn i bilen, alle tre frå Sørlandet.

Dei tre i bilen var vakne etter ulykka, og vart køyrt til sjukehuset i Hamar med ukjent skadeomfang.

Under biljakta som vara om lag ein halvtime var det minimal trafikk, og det oppstod ingen farlege situasjonar for anna trafikk, opplyser politiet.

Dei tre er mistenkt for innbrotet på Skogmuseet i Elverum i natt, og for biltjuveri av fluktbilen som vart stole i Follo.

Anmelder innbrotet

Rådgjevar ved Norsk Skogmuseum Yvonne Aarestrup opplyser til NRK at innbrotstjuvane truleg ikkje har fått med seg noko.

–Vi er eit museum og har svært mange gjenstandar her, men så langt kan vi ikkje sjå at noko er borte, seier Yvonne Aarestrup.

Men vi har bestemt oss for å anmelde innbrotet, seier Aarestrup ved Norsk Skogmuseum.

Lettare skadde

Kommunikasjonsrådgjevar på sjukehuset i Hamar, Line Fuglehaug, melder at alle dei tre ungdommane er lagt inn til observasjon med lettare skader.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND