NRK Meny
Normal

Trailersjåførar frykter rv 3

Vogntogsjåførane er redde for å køyre riksveg 3 gjennom Østerdalen. Nå vil dei køyre E6 i staden.

Rv 3 gjennom Østerdalen

Flere vogntogsjåfører vil heller kjøre E6 gjennom Gudbrandsdalen enn rv.3 gjennom Østerdalen.

Foto: NRK

Riksveg 3 gjennom Østerdalen er nesten dobbelt så farleg å køyre som E6 gjennom Gudbrandsdalen. Fleire vogntogsjåførar vel no å køyre E6 på grunn av smal veg og glatt vegbane i Østerdalen.

Utrygge sjåførar

- Sjåførane våre står fritt i å velje kvar dei vil køyre. Slik det er i dag føler dei seg utrygge på riksveg 3, og mange vil nok velje å køyre E6 gjennom Gudbrandsdalen. Det seier dagleg leiar i Børstad Transport,  Sverre Myrvold.

Han meiner dårleg strøing, dårleg brøyting og smal vegbane gjer at sjåførane er redde for riksveg 3.

100 skadde i året

Over 100 personar blir årleg skadd eller drept på riksveg 3 gjennom Østerdalen, og sundag mista to vogntogsjåførar livet i ei front mot front-ulykke.

I fjor auka tungtransporten på riksveg 3 med 30 prosent, og rundt 400 vogntog køyrer gjennom dalen. Seksjonssjef Per Magnar Klomstad i Statens Vegvesen bekreftar at riksveg 3 er langt farlegare enn E6.

- Slik det er no så er det bortimot dobbelt så stor sjanse for å kome borti ei ulykke på riksveg 3 gjennom Østerdalen enn Europaveg 6 gjennom Gudbrandsdalen.

Flytter transporten

- Eg trur mange transportfirma vil flytte stadig meir av transporten sin over til Gudbrandsdalen i framtida, understrekar Sverre Myrvold. 

Per Magnar Klomstad i Statens Vegvesen er redd auka trafikk i Gudbrandsdalen vil forskyve problemet dit. 

- Med dei tettstadsproblematikkane ein har i Gudbrandsdalen så er jo det ei stor utfordring, seier han.

Det er same krav til vintervedlikehald på riksveg 3, som på E6. Det understreker vegvesenet etter at mange trailersjåførar seier dei nå vil slutta å kjøra riksveg 3 gjennomn Østerdalen.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Sex med mindreårig

    Ei kvinne i 20-årene er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med en enslig mindreårig asylsøker på et bofellesskap i Vestoppland der hun var medarbeider. Fornærmede var 16 år da det begynte i fjor sommer, forteller statsadvokat Iris Øsp Lydsdottir Storås til Oppland Arbeiderblad.


  • Skadeverk på barneskole

    I løpet av helga ble det gjort skadevrk på Ringebu barneskole. I følge politiet er det gjort tagging på vegger i tillegg til at ei dør er brutt opp. Ingenting skal imidlertid være stjålet.

  • Tysk bokpris til Åsne Seierstad

    Journalisten og forfatteren Åsne Seierstad, får en høyhengende, tysk bokpris.Hun får prisen Leipzig Book Award for European Understanding 2018, for boka "En av oss". Det er historia om mannen som utførte terrorhandlingen her i landet 22.juli 2011.

    Åsne Seierstad
    Foto: Hilde Bjørnskau / NRK