NRK Meny

Trafikkulykke på Skotterud

  • Fem ungdommar i bilen

    Det var fem ungdommar som var i bilen som køyrde av vegen på fylkesveg 332 på Skotterud sundag. Ein person er alvorleg skadd, fleire av dei andre skal også ha skader. Politiet veit ikkje noko om årsaka til ulykka.

  • Alvorleg skadd etter ulykke

    Ein person er kritisk skadd etter at ein bil køyrde av vegen på Skotterud. Til saman var det fem personar involvert i ulykka. Den kritisk skadde er sendt til Kongsvinger sjukehus.