NRK Meny
Normal

Tok bilde av heilt kvitt rådyr på Dovre

Naturfotograf Even Agerup har brukt mange timar på å få gode bilde av det uvanlege rådyret.

Kvitt rådyr på Dovre

BLIKKFANG: Det kvite rådyret snudde seg og sette auga rett i kameralinsa.

Foto: Even Agerup

– Eg tok meg ein tur ut, rusla rundt og plutseleg stod det der, midt i den mørke skogen og lyste opp.

Slik skildrar naturfotograf Even Agerup møtet med det kvite rådyret som snudde seg og såg rett inn i kameralinsa.

Agerup har flytta frå Nesodden til Dovre, og har tidlegare knipsa bilde av vill gaupe, bjørn, ulv og jerv. Men eit kvitt rådyr var første gong.

– Det er fantastisk. Det å fotografere dette kvite rådyret er noko heilt eige, seier han.

Kvitt rådyr på Dovre

KONTRASTAR: Det kvite rådyret skiljar seg klart ut samanlikna med dei andre rådyra i områda.

Foto: Even Agerup

Redd for å dumme seg ut

Han må innrømme at han var litt nervøs, og vart litt skjelven da han endeleg fekk moglegheita til å ta bildet han hadde venta på.

Even Agerup, naturfotograf Vågå

DOVRE: Naturfotograf Even Agerup har nyleg flytta til Dovre, og fekk tips om det kvite rådyret av lokalbefolkninga.

Foto: Privat

– Eg tenkte at dette var unikt, og at eg ikkje måtte dumme meg ut. Så eg passa på at eg hadde riktige innstillingar på kameraet, og fekk skarpe og fine bilde.

Nå har han håp om å sjå rådyret fleire gonger i skogen i Dovre.

– I serien kvite dyr, blir det kanskje elgen da, men eg vil nok forsøke å ta enda betre bilde av dette kvite rådyret, kanskje i betre lys. Det beste bildet er ikkje tatt enda, som naturfotografane bruker å si, seier Aperud.

Uvanleg

Sjølv om rådyret er heilt kvitt, er det ikkje sikkert rådyret er albino.

– Det kan vera eit rådyr med leukisme, som er ein pigmentfeil som gjer at den er veldig lys, seier Trond Berg frå programmet Ut i naturen.

På same tid seier han at det er svært uvanleg å sjå eit slikt kvitt rådyr. Berg har sett mange forskjellige dyr med uvanleg kvitfarge, men aldri eit rådyr.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • OL-vinner Robert er hjemme

    OL-vinner Robert Johansson kom hjem til Lillehammer i kveld. Han ble møtt av familie og venner på Lillehammer stasjon. Johansson har tatt ett gull og to bronsjemedaljer under lekene i Sør-Korea.

    Robert kom hjem til Lillehamer i kveld
    Foto: Terje Gording Hong / NRK
  • Mistet lappen på riksveg 4

    En bilfører har fått beslaglagt førerkortet etter at vedkommende kjørte på feil side av en midtdeler på riksveg 4 i Hunndalen. I baksetet satt det tre barn usikret, opplyser politiet på Twitter.