NRK Meny
Normal

I denne klassa vil berre 10 av 24 studere til hausten

GAUSDAL (NRK): Friår og jobbing freistar meir enn høgare utdanning når ungdommane er ferdige på vidaregåande.

Gausdal vgs, 3. klasse

Denne gjengen er snart ferdige på vidaregåande i Gausdal, men under halvparten har tenkt å studere til hausten.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg er skulelei og treng eit friår med jobbing og reiser. Eit år med pause frå studium, eksamen og prøver, seier Amalie Olerud.

Ho er avgangselev ved Gausdal vidaregåande skule i Oppland, og er ein av mange som har eit slikt ønske.

Av alle som søker høgare utdanning er berre ein tredjedel 19-20 år.

Vil ha friår

I ei vidaregåande-klasse på 24 elevar i Gausdal er det om lag 10 som vil starte på høgare utdanning allereie til hausten. Fem skal på folkehøgskule, ingen skal i militæret og tre reknar med å ta opp att fag. Resten vil jobbe eller reise.

– Eg skal på folkehøgskule fordi eg vil ha eit friår. Det er for å slappe av, bli litt eldre og meir moden før studiane. Det er så stress å lese til eksamen, seier Benedikte Braadland.

ein av tre skal på høgskule

EIN AV TRE: Amalie Olerud og Benedikte Braadland vil ha pause frå skulen, men Mari Buan Ringen skal rett på studiane.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Men ho veit kva ho vil, så etter folkehøgskuleåret startar opplæringa for å bli flyvertinne. Klassevenninne Mari Buan Ringen har visst kva ho skal bli sidan ungdomsskulen og har ikkje tenkt å vente.

– Eg skal starte på sjukepleia til hausten. Eg har alltid hatt lyst til å gå der, og trur at det kjem til å bli vanskeleg å starte igjen om eg tek fri eit år, seier Ringen.

– Ikkje ta for mange år

Bjørn Haugstad

FULLFØRE: Statssekretær, Bjørn Haugstad i kunnskapsdepartementet er ikkje bekymra for dei som tek friår. Han meiner det er viktigare å fullføre.

Foto: Kunnskapsdepartementet

Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, seier at det er fleire no enn nokon gong som søker høgare utdanning, og understrekar at det viktigaste er at ein er motivert for studiane.

Han trur ikkje nødvendigvis det er så dumt å ta seg eit år pause for å finne motivasjonen og greie å gjennomføre studiet. Så lenge det ikkje blir alt for mange friår.

– Eg er meir bekymra for dei som har tenkt å starte på utdanning og i staden startar i ein jobb der ein venner seg til å tene gode pengar. Då risikerer ein å aldri komme seg tilbake, seier Haugstad.

Ein tredjedel ventar

Kristian Folkman

VANLEG: Kristian Folkmann i Samordna opptak ser at det er særs vanleg å ta både eit og to år fri etter vidaregåande.

Foto: Kjersti Bihn Hegna

Søkartal frå Samordna opptak viser at berre ein tredjedel av dei som er ferdig med vidaregåande søker høgskule eller universitet.

– Det er ganske vanleg å vente eitt eller to år. Nokon er veldig klare og køyrer rett på, men mange treng litt tenketid for å finne ut kva dei skal gjere, seier Informasjonsrådgjevar, Kristian Folkman i Samordna opptak.

Om lag 60 % søker universitet og høgskule innan dei fyller 23 år.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Lillehammer-Stavanger 5-4

    I 22. serierunde har Lillehammer Ishockeyklubb har slått Stavanger Oilers 5-4 på hjemmebane.

    Lillehammer Ishockeyklubb, Stavanger Oilers
    Foto: Stein Schinstad / NRK
  • Thoresen tilbake til Russland

    Ishockeyspiller Patrick Thoresen drar tilbake til Russland for å spille resten av sesongen for sin gamle klubb SKA St. Petersburg. Han har vært tilbake i Storhamar bare et halvt år, men ifølge kontrakten kan han forlate klubben fra 1. desember.

    Patrick Thoresen
    Foto: Morten Stenberg / NRK
  • Vestre Toten savner maskinskatten

    Industrikommunene beklager at budsjettforliket nå fører til at maskinskatten forsvinner. For Vestre Toten kommune innebærer det et årlig inntektstap på nær fem millioner kroner. Men - for Nammo-konsernet betyr det lavere utgifter og nyinvesteringer.

    Flagg og logo for Nammo på Raufoss
    Foto: Arne Sørnes / NRK