Hopp til innhold

To dødsulykker på Rørosbana: Blir ikkje einige om å sikre overgangane

Det er 88 usikra overgangar på Rørosbana, og i sommar har to mista livet på togstrekninga. Arbeidet som skulle gjere jernbana sikrare stranda for to år sidan.

Jorder på begge sider

USIKRA: Det er 88 usikra planovergangar på Rørosbana. Nå vil dei ha ny dialog for å sikre dei.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

I 2010 sette BaneNor, den gongen under namnet Jernbaneverket, i gang eit prosjekt for å sikre fleire overgangar på Rørosbana. I 2015 kom forslaget om å kutte ned talet på overgangar, og utstyre overgangane med lys- og lydsignal.

– Det var ei løysing vi i BaneNor ønska, men det var ikkje vilje til å gå for den løysinga blant Tynset kommune eller bebuarane i området. Dei ønska at vi skulle greie ut to andre løysingar, som vi meinte vart for kostbare og omfattande, seier Stig Moen, banesjef på Rørosbana.

Stig Moen

VIL HA FÆRRE OVERGANGAR: BaneNor ved banesjef Stig Moen står på sitt forslag frå 2015 med eit lys og lydsignal, men ikkje bom.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Bebuarane ved Godtlandsfloen nord i Tynset og Tynset kommune meinte at forslaget BaneNor kom med i 2015 ikkje var godt nok med tanke på grunneigarane i området.

Det bekreftar gardbrukar Ola Lillemo. For BaneNor ønska ikkje å ha bom på overgangane, og heller ikkje ha eit raudt og kvitt lyssignal, slik som gardbrukarane ville ha.

– Vi fekk eit inntrykk av at BaneNor ikkje ville fullsikre dei attverande overgangane, seier Lillemo.

Overgang

STOPP: Det er totalt rundt 3000 overgangar på det norske jernbanenettverket.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Ny dialog

Nå vil dei forsøke å ta opp igjen debatten og dialogen mellom grunneigarane og BaneNor.

Ordfører Tynset

VIL HA DIALOG: Ordførar i Tynset kommune, Merethe Myhre Moen ønsker å vere ein pådrivar for å ta opp igjen dialogen mellom grunneigarane og BaneNor.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Vår oppgåve er å vere ein pådrivar for god dialog mellom dei som bur bak overgangane og BaneNor, seier ordføraren i Tynset, Merethe Myhre Moen.

BaneNor vil og opne for ny dialog, men står framleis for det dei la fram for to år sida.

– Vi ønsker å få til ei løysing her, så vi er opne for å diskutere moglegheiter og løysingar. Men vi meiner at det forslaget vi kom med i 2015 er det beste, seier Moen.

Samtidig står grunneigarane på sitt, dei vil ha fullt sikra overgangar.

Ola Lillemo

VIL HA BOM: Gardbrukar Ola Lillemo vil ha bom med raudt og kvitt lyssignal.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Det er ikkje vits å flytta ein usikra overgang frå ein plass til ein annan, seier Lillemo.

To dødsfall i sommar

Det er totalt 88 usikra overgangar på Rørosbana. I juni omkom ein mann etter at eit tog og bilen mannen sat i kolliderte ved ein togovergang på Opphus i Stor-Elvdal. Tidlegare i juli døydde ei 69 år gammal kvinne sør for Tynset.

Gardbrukarane har jord på begge sider av toglinja. Dei synest ikkje at det kjennast trygt å køyre over overgangane slik det er nå.

– Eg er redd for besøkande eller seljarar, folk som ikkje er vane med dette, seier Lillemo.

Overgang

TO DØDSFALL: Berre i sommar har to menneske mista livet på dei usikra overgangane på Rørosbana.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Prioriterer sikkerhet

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Tor André Johnsen, sit i transportkomiteen på Stortinget, og seier at sikkerheit på veg og jernbane er topprioritet.

– Vi har auka midla for både veg og jernbane i nasjonal transportplan. Sikkerheit er veldig viktig for oss, seier Johnsen.

Flere saker fra Innlandet