NRK Meny
Normal

To bilar og trailer kolliderte

To personbilar og ein trailer var involvert i ulykka på riksveg 4 i ettermiddag. Ein person er sendt til Ullevål universitetssjukehus etter ulykka.

Trafikkulykke rv4 18.0817

KOLLISJON: Det blei lange køar rundt ulykkesstaden i ettermiddag da to biler og ein lastebil kolliderte.

Foto: Jorun Vang / NRK

Politiet fekk melding om ulykka ved Dalsjordet i Gjøvik om lag klokka 15.30 i dag, og ulykka førte til lange køar i begge retningar på riksveg 4.

– Den eine bilen har truleg kome over i motgåande køyrefelt og då treft ein bil. Den har òg vore involvert i andre nestenkollisjonar på vegen før det smalt, fortalde innsatsleiar i Innlandet politidistrikt, Steinar Andersen, like etter klokka fire i dag.

Ein sendt med luftambulanse

To bilar og ein trailer var involvert i ulykka og to personar er sendt til sjukehus. Den eine skadde blei sendt med luftambulanse til Ullevål universitetssjukehus.

I kveld melder politiet i Innlandet på Twitter at denne personen ikkje lenger skal vere kritisk skadd. Den andre som blei køyrd til sjukehus er no utskreven.

– Nå prøver vi å få i gang trafikkdirigering, og så får vi starte med avhøyr av vitne, fortalde innsatsleiaren.

Klokka 16.40 melde politiet på Twitter at ulykkesgruppa frå Statens vegvesen vil gjennomføre åstadsbefaring på staden.